The use and development of revenge tragedy in the comics V for Vendetta and the Sandman
Abstract
This thesis examines the two comics V for Vendetta by Alan Moore and David Lloyd, and The Sandman by Neil Gaiman in the context of revenge tragedy. The revenge tragedy tradition is perhaps mostly associated with theatre, and found its current form in plays written during the Elizabethan and Jacobean era. Revenge as a driving force in storytelling is not limited to this period, but appears throughout Western literature and culture, but so far there has been little work done on comics in this context. The thesis places the two comics in the revenge tragedy tradition. The first chapter compares the comics medium with theatre, to establish that the two can produce similar effects. In the second and third chapters, the two comics are compared to previous revenge tragedies to find the common features that place them in this tradition. In addition, the ways the comics differ from and develop the revenge tragedy tradition are examined. V for Vendetta uses the revenge tragedy structure to tell a story of political and ideological opposites, while The Sandman mixes traditions from both Greek and English revenge tragedy, and uses the tensions between these two models to explore gender relations. Denne oppgåva ser på teikneseriane V for Vendetta av Alan Moore og David Lloyd, og The Sandman av Neil Gaiman som hemntragediar. Hemntragedietradisjonen er først og fremst assosiert med teater, og fekk sin noverande identitet i skodespel skrive på femten- og sekstenhundretalet. Hemn som drivkraft i historieforteljing er ikkje avgrensa til denne perioden, men dukkar opp overalt innan vestleg litteratur og kultur, men det har så langt vore lite fokus på teikneseriar i denne samanhengen. I denne oppgåva blir desse to teikneseriane plasserte i hemntragedietradisjonen. Det første kapitlet samanliknar teikneseriemediet generelt med teater, for å etablere at dei to media kan produsere liknande effektar. I det andre og tredje kapitlet blir dei to teikneseriane samanlikna med tidlegare hemntragediar for å finne fellestrekka som gjer det mogeleg å sjå på dei som verk som tilhøyrer denne tradisjonen, og det blir òg sett på korleis dei skiljer seg frå tidlegare hemntragediar og slik vidareutviklar hemntragedietradisjonen. V for Vendetta nyttar hemntragediestrukturen til å fortelje ei historie om politiske og ideologiske motsetnadar, medan The Sandman blandar tradisjonar frå både gresk og engelsk hemntragedie, og nyttar spenningane mellom desse to modellane til å utforske kjønnsrelasjonar.