Barnet si stemme i fylkesnemndsvedtak
Abstract
Barn har gjennom barnekonvensjonen og norsk lovverk fått eigne rettar som blant anna gjev dei rett til å delta og bidra i eiga sak. Artikkel 12 i barnekonvensjonen (1989) heimlar barn sin rett til å bli høyrt i alle avgjerder som vedkjem barn. I lov om barnevernstenester (1992) (bvl) er barn sine deltakarrettar heimla i § 6 – 3. Tema for dette prosjektet er barn og retten til å bli høyrt i fylkesnemndsvedtak om omsorgsovertaking, jfr bvl § 4 – 12. Formålet med dette prosjektet var å undersøkje kvar, korleis og i kva grad barnet si stemme kom til uttrykk i slike vedtak frå fylkesnemnda, om det var forskjellar korleis dette kom til uttrykk i vedtak frå 2002 – 2003 og 2008 – 2009, og kva dette fortel oss om barnet som eige rettssubjekt og viktig aktør i slike saker. Prosjektet byggjer på ei kvalitativ dokumentanalyse av 22 fylkesnemndsvedtak etter bvl. § 4 – 12, henta frå Lovdata. Materialet inneheld 11 vedtak frå 2002 – 2003 og 11 vedtak frå 2008 – 2009, og omfattar barn mellom 7 og 12 år. Mine viktigaste funn visar at barnet si stemme kom til uttrykk ein eller fleire gonger i 21 av dei 22 vedtaka som utgjorde materialet mitt. Undersøkinga mi visar likevel at barn si stemme totalt sett er lite synleg i vedtak frå fylkesnemnda jfr. bvl § 4 – 12. I tillegg fann eg få forskjellar med omsyn til kvar, korleis og i kva grad barnet si stemme kom til uttrykk i vedtaka frå 2002 – 2003 og 2008 – 2009. Barn si stemme gjennom talsperson var likevel oftare referert til i vedtaka frå 2008 – 2009 samanlikna med perioden 2002 – 2003. Mine funn indikerer difor at sjølv om barn si stemme gjennom talsperson er blitt noko tydelegare i fylkesnemndsvedtak om omsorgsovertaking jfr. bvl. § 4 – 12, er barn si stemme og aktørstatus generelt lite synleg i desse sakene.