Kunnskapsbygging i den norske fruktnæringa. Døme frå Ullensvang herad
Master thesis
View/ Open
Date
2011-11-17Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Geography [692]
Abstract
Dette er ei oppgåve om kunnskapsbygging i den norske fruktnæringa. Feltområdet til oppgåva ligg på austsida av Sørfjorden i Ullensvang herad i Hardanger. Dette er eit område med høg tettleik av fruktprodusentar, og mange av desse dyrkar etter moderne metodar. Andre område i Hardanger har også gode forhold for fruktdyrking, men opplever ikkje den same suksessen. Oppgåva har som føremål å svare på kvifor fruktnæringa aust i Ullensvang lukkast. Kva eigenskapar ved miljøet er viktige for at fruktnæringa aust i Ullensvang lukkast? Og kva har nærleik til eit godt fagmiljø å seie for at ein lukkast som fruktdyrkar? Det store kunnskapsbehovet hjå fruktprodusentar gjer det sentralt å undersøke kunnskapsbygging i miljøet for å finne svar på kvifor fruktnæringa i Ullensvang opplever suksess. Spørsmålet om bakgrunnen for suksess vert sett i lys av to teoretiske tilnærmingar: AKIS og lærande regionar. AKIS-tilnærminga fremjar at aktørar i jordbruket bør sjå seg sjølve som delar av eit system. Dei empiriske funna mine viser at både fruktdyrkarar og dei fleste organisasjonane aust i Ullensvang oppfyller desse kriteria i stor grad. Aktørane i næringa aust i Ullensvang tek del i formelle og uformelle nettverk, noko som er ein viktig faktor for innovasjon. Både formelle og uformelle koplingsmekanismar legg til rette for overføring av kunnskap. Deling av både praktisk og uttalt kunnskap er viktige prosessar i fruktnæringa i Ullensvang, og vert forsterka av at aktørar i næringa har overlappande roller. Progressive fruktdyrkarar synast å vere ei kjelde for meir konservative dyrkarar når det gjeld kunnskap og engasjement. Likevel er alle avhengige av kvarandre for kunnskapsdeling, og for å oppretthalde eit godt fruktlager og ei god rådgjevingsteneste. Derfor kan ein seie at geografisk nærleik mellom produsentar er ein føresetnad for å oppretthalde eit sterkt fagmiljø og ein stor nok produksjon. Dette inntrykket vert bekrefta, men nyansert, av døme frå to område i Hardanger med få eller ingen progressive fruktdyrkarar. Døma viste at geografisk nærleik i somme høve kan erstattast av sosial nærleik. Utanlandske fagmiljø er svært viktige for tilgangen til ny kunnskap, men ny kunnskap er også eit resultat av lokale tilpassingar. Slike grenseoverskridande alliansar er viktige for å oppretthalde kunnskapsbasen både i ein lærande region og i eit AKIS. Bedrifter i ein lærande region dannar kunnskapsintensive klynger på bakgrunn av synergieffekten geografisk nærleik kan gi. Det etter forholda store talet på produsentar og tettleiken mellom dei, samt kunnskapsbygginga i miljøet, gjer at austsida i Ullensvang kan seiast å vere ein lærande region. Med dette vil eg fremje viktigheita av ein høg tettleik av fruktprodusentar, vilje til å tileigne seg ny kunnskap og dele kunnskap, å rette seg mot andre norske eller utanlandske fagmiljø og at aktørar i fruktnæringa arbeidar mot felles mål. Dei same prinsippa kan også bidra til at liknande næringar kan oppleve å lukkast.