'Ondt ofte lider den Fiskermand': Ei undersøking av statens krisetiltak i vintersildfisket 1957-1964
Abstract
Vintersildfisket endra dramatisk karakter i løpet av 1950-talet. Frå å vere det største fisket på Vestlandet i etterkrigstida, fall fangstane dramatisk på andre halvdel av 1950-talet. Denne masteroppgåva er ei studie av staten sin reaksjon på den krisa som oppstod i fisket. Målet har vore å undersøkt kva tiltak som styresmaktene sette i verk, for å avhjelpa problema i perioden frå 1957-1964. Eg har freista å analysert desse tiltaka og sett på kva verknadar dei fekk for utviklinga i fisket. Det er via nesten to kapittel til eit utval (Vintersildutvalet) som vart nedsett for å kome med tilrådingar til tiltak som kunne setjast i verk for å avhjelpe situasjonen. Dei fleste hjelpetiltaka som kom i stand fekk i hovudsak berre kortsiktige verknadar for deltakarane i vintersildfisket, som etterkvart måtte innfinne seg med att fisket ikkje ville kome opp att på det nivået det hadde vore på første halvdel av 1950-talet. Nokre av ordningane var likevel meir langsiktig og hadde ein effekt på det som skjedde i fiskeria utover på 1960-talet Vidare har eg plassert det statlege engasjementet i dette fisket inn i ei større råme, for å vise korleis staten var ein aktiv aktør i dei omveltingane som fann stad i fiskerinæringa utover på 1960-talet.