Prosjektsamarbeid i tilbodskonkurransar
Master thesis
View/ Open
Date
2012-06-01Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Economics [302]
Abstract
Ein tilbodskonkurranse blir gjennomført med den målsettinga å oppnå den beste prisen i marknaden. Når styresmaktene lyser ut prosjekt dei ønskjer å få utført, krev desse ofte stor kapasitet og teknologi. Dette er, mellom anna, grunnar som gjer at bedrifter kan ha insentiv til å samarbeide om einskilde prosjekt. Eit slikt samarbeid kallar ein prosjektsamarbeid. Dette vil i følgje retningslinjene vere ulovleg dersom det er samarbeid mellom faktiske eller potensielle kundar. Eit samarbeid kan jamvel bli unntatt frå lova dersom det skapar effektivitetsgevinstar som genererer større nytte i samfunnet enn samarbeidet skadar konkurransen. Når eit prosjektsamarbeid blir danna vil det skje ei informasjonsutveksling mellom dei uavhengige bedriftene i marknaden. Ei slik informasjonsutveksling kan ha både skadelege og styrkjande verknader på konkurransen. Det kan vere at dei utvekslar informasjon om kostnader og framtidige planar. Retningslinjene seier at for eit lovleg samarbeid skal det ikkje utvekslast informasjon som ikkje er absolutt naudsynt for samarbeidet. Det er eigentleg sett på som svært konkurranseskadeleg I oppgåva ser eg på kva effektar eit prosjektsamarbeid kan generere i teorien. Dette gjer eg ved å først sjå på ein enkel modell og deretter endre nokre av føresetnadene slik at den blir meir verkelegheitsnær. Ved å studere desse effektane fann eg at det er samsvar mellom retningslinjene og teori og at ein bør vere varsam når eit prosjektsamarbeid blir danna.