Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVardøy, Benedikte F.eng
dc.date.accessioned2012-12-07T09:01:47Z
dc.date.available2012-12-07T09:01:47Z
dc.date.issued2012-10-01eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/6220
dc.description.abstractEtter Perestrojka har det kome mange lånord av ulikt slag inn i russisk frå engelsk, mellom anna ei gruppe ord som sluttar på -ing og kan sporast tilbake til former av engelske verb. For desse orda blir det gjerne forstått eit band til verbalhandling eller prosess. Eg har undersøkt ing-ord med mål om å finna eventuelle trekk til felles tyding, eller utvikling av tyding i same retning, hjå orda i russiske aviser. Materialet eg brukte i undersøkinga består av data frå korpuset Nacional'nyj korpus russkogo jazyka, databasen Integrum og russiske og engelske ordbøker. Eg lagde ei liste over alle ing-ord (272 ord) i aviskorpuset til NKRJa-ak, og utførte deretter ein semantisk analyse av fem ing-ord i Integrum og ordbøker. Lista viste at ing-orda i undersøkinga var tematisk heterogene og at dei ikkje hadde eit klårt band til verb. Undersøkinga i Integrum og i ordbøker viste at det har skjedd ei semantisk endring for orda på veg frå engelsk til russisk. Eg såg teikn til eit verbalt band hjå alle fem orda, men dette gav ulike utslag: i mellom anna tyding av aktivitet, hending, resultat av verbalhandling eller ei samling hendingar. Eg fann at den mest typiske konnotasjonen for ing-ord var bunden til modernitet, og at dette dels kan forklarast med at mange ing-ord ikkje har lang fartstid i russisk.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjecting-ordeng
dc.subjectRussiskeng
dc.subjectLånordeng
dc.subjectSemantikkeng
dc.subjectSemantisk utviklingeng
dc.titleIng-ord sin semantikk. Ein kvalitativ og kvantitativ studie av tydingar og tydingsutvikling hjå ing-ord i russiske aviser og i ordbøker (2000-2011)eng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.description.localcodeMAHF-RUSS
dc.description.localcodeRUS350
fs.subjectcodeRUS350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel