Personlegdomstesting av plattformsjefkandidatar
Master thesis
View/ Open
Date
2012-05-08Metadata
Show full item recordCollections
- Faculty of Psychology [535]
Abstract
Offshore installation managers (OIMs) will function as incident commanders in contingency situations on board. Good incident commanders appear to have certain personality characteristics, refered to as the right stuff". A major oil company operating in the North Sea have selection procedures for future OIMs. Using results from Hogan Personality Inventory (HPI) and Hogan Development Survey (HDS), t-tests were performed to test whether the OIM candidates have more of personality characteristics related to the right stuff" than other leaders in the company. Particular focus was given to resilient personality and dark side personality traits. No significant differences were found on HPI-scores. The OIM candidates did not have significantly higher scores on a constructed measure of resilient personality. OIM candidates scoring high on resilient personality did not perform better on standardized tasks than candidates scoring low on resilient personality. The OIM candidates scored significantly lower on the HDS-scale skeptical. No other significant differences on HDS-scores were found. In conclusion, the OIM candidates selected by the company do not appear to have personality characteristics over and beyond that of other leaders in the company, and the usefulness of the selection procedures in identifying candidates with the right stuff" may be questioned. Plattformsjefen vil i beredskapssituasjonar ta rolla som beredskapsleiar om bord på installasjonen. Gode operative leiarar ser ut til å vere kjenneteikna av særskilde personlegdomskarakteristika, referert til som the right stuff". Eit stort oljeselskap med operatøransvar i Nordsjøen har interne seleksjonsprosedyrar for framtidige plattformsjefar. Gjennom bruk av skårar på Hogan Personlegdomsinventorium (HPI) og Hogan Deskriptive Skalaer (HDS), vart det gjennomført t-testar for å undersøkje om plattformsjefkandidatane hadde meir av personlegdomseigenskapar relatert til «the right stuff» enn andre leiarar i selskapet. Særleg vart det fokusert på resilient personlegdom og dysfunksjonelle personlegdomstrekk. Det vart ikkje funne signifikante skilnader mellom gruppene på skårar på HPI. Kandidatgruppa skåra ikkje signifikant høgare på eit konstruert mål på resilient personlegdom. Kandidatane med høg skåre på resilient personlegdom presterte ikkje betre på standardiserte situasjonstestar enn kandidatane med låg skåre på resilient personlegdom. Plattformsjefkandidatane skåra signifikant lågare på HDS-skalaen skeptisk. Ein fann ingen andre signifikante skilnader i skårar på HDS. Plattformsjefkandidatane selektert av selskapet ser ikkje ut til å ha meir av ønskja personlegdomskarakteristika enn andre leiarar i selskapet, og det kan stillast spørsmål ved nytten av selskapet sine seleksjonsprosedyrar for å identifisere plattformsjefkandidatar som har "the right stuff".