Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGunnarsen, Haraldeng
dc.date.accessioned2013-03-06T07:19:51Z
dc.date.available2013-03-06T07:19:51Z
dc.date.issued2012-12-17eng
dc.date.submitted2012-12-17eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/6390
dc.description.abstractDenne oppgåva tek føre seg historia til fagforeininga Oljearbeidernes Fellessammenslutning (i dag SAFE) i tidsrommet 1973-1997. Studien legg vekt på korleis OFS utvikla seg i perioden, med særleg vekt på endringar i identitet, særtrekk og handlingsmønster. Historisk går OFS (og seinare SAFE) gjerne for å vere ei av dei mest resultatorienterte og aksjonsvillige fagforeiningane vi har hatt i Noreg i moderne tid. Spesielt på 1980-talet gjekk OFS føre i ei rekkje viktige konfliktar, konfliktar som har vore med å setje standarden for løns- og arbeidsvilkåra til dagens norske oljearbeidarar. Oppgåvas ambisjon er derfor å gjennomgå organisasjonens historie gjennom tre tiår, frå den spede byrjinga på 1970-talet og fram til 1997, med nokre avsluttande frampeik fram mot dagens situasjon. Årsaka til at 1997 står som oppgåvas sluttpunkt er at det var året då OFS slutta seg til hovudorganisasjonen Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS). Fram til dess var OFS ei sjølvstendig og uavhengig fagforeining, med eige avtaleverk og status som hovudsamanslutning. For oljearbeidaranes vedkommande skilde organisasjonen seg frå den etablerte fagrørsla ved at han var «av og for oljearbeidarar». Haldninga var at dei sjølve — uavhengig av andre — skulle leggje premissa for si eiga framtid, og vere fri frå alt som minna om «pampevelde» og «maktelite». Denne vektlegginga av sjølvstende ser vi mellom anna i den svært ubyråkratiske måten organisasjonen var bygd opp på, der lokale klubbar hadde stor fridom og kor det var relativt kort veg mellom topp og botn i organisasjonen. Grunnmønsteret i deira kamp for betre løns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel bar sterkt preg av grunnplansaktivisme, og ei vilje til å føre kamp — også i dei tilfella der det innebar brot på lov- og avtaleverket i norsk arbeidsliv. I løpet av 1980- og 1990-åra kom det fleire studiar som tok sikte på å forklare kvifor oljearbeidarane i OFS handla som dei gjorde. Blant dei mest tonegivande var avhandlinga til Marie Smith-Solbakken Oljearbeiderkulturen: Historien om cowboyer og rebeller. I avhandlinga peika ho mellom anna på at det først var i perioden 1978-1988 at arbeidskonfliktane i Nordsjøen for alvor tok til. Dette forklarte ho med at bakgrunnen til oljearbeidarane no skifta tyngdepunkt, frå stort sett uerfaren ungdom ifrå utkantstrok til meir fagleg medvitne arbeidarar med bakgrunn frå industrien. Denne siste gruppa hadde mykje betre kjennskap til fagorganisering enn dei tidlege pionerane, og vegra seg ikkje for å hevde sine rettar. Men, og det er viktig: I eit totalperspektiv ber framstillinga til Smith-Solbakken likevel sterkt preg av eit underliggande fornorskingsnarrativ, då ho ser oljearbeidarkonfliktane på slutten av 1970-talet og 1980-talet som eit overgangsfenomen knytt til «nyradikaliseringa» av den første generasjonen av oljearbeidarar. Seinare, på slutten av 1980-talet, vart oljearbeidarane temja, meiner ho, først og fremst på grunn av myndigheitenes regulerande inngrep og ved at arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane blei ansvarleggjorte. Oljesektoren vart slik fornorska, og mindre og mindre ein enklave i samfunnet. I denne oppgåva har eg teke feste i Smith-Solbakkens og andre forskarars analyser; først og fremst med tanke på å tilby ei alternativ fortolking, eventuelt nyansere konklusjonane om temjinga av oljearbeidarane. Oppgåvas problemstilling byggjer på ein utgangshypotese om at oljearbeidaranes åtferdsendring aldri har vore så gjennomgripande som det har vore hevda, og at fødemerkjer frå oljeverksemdas formative fase på 1970-talet framleis kan sporast og identifiserast, mellom anna ved å følgje historia til OFS og dagens SAFE. Derfor har eg valt å formulere problemstillinga i oppgåva som ei spissformulering: «OFS lét seg ikkje temje». I kartleggjinga av denne hypotesen, trekk eg veksel på bidrag frå fleire ulike teoriar: studiar av arbeidslivsrelasjonar, historisk institusjonalisme, krysspressteori og «varieties of capitalism». Dette er teoritradisjonar som tradisjonelt — i større eller mindre grad — avgrensar seg til relativt spesialiserte forskingsfelt, men som i denne studien vert kombinerte innanfor eit overordna teoretisk rammeverk. Metodisk kan oppgåva karakteriserast som eit historisk casestudium, basert kjelder som tidlegare forsking, internt organisasjonsmateriale, avisartiklar og munnlege kjelder. Oppgåva er delt inn i fire ulike hovudperiodar, der dei ulike brota i organisasjonsutviklinga rammar inn den historiske framstillinga av OFS: Husforeiningsfasen 1973-1975 Uavhengig fagforeining 1975-1977 Yrkesforeining 1977-1982 Hovudsamanslutning 1982-1997 Innanfor dette opplegget er dei ulike periodane og kapitla bygde opp kring to hovuddimensjonar: kapittelvise skildringar som er relativt tett på hendingane i kvar fase, supplert med delanalysar undervegs i teksten. Til slutt kjem det eit oppsummerande kapittel med meir overordna tolkingar, analysar og konklusjonar.en_US
dc.format.extent1157272 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectOFSeng
dc.subjectarbeidslivsrelasjonereng
dc.subjectvarieties of capitalismeng
dc.subjectArndt Sorgeeng
dc.subjectLOeng
dc.subjectarbeidslivsrelasjonareng
dc.subjectOljearbeidernes Fellessammenslutning (OFS)nob
dc.subjectSammenslutningen av fagorganiserte i Energisektoren (SAFE)nob
dc.subjectkrysspressteorinob
dc.subjecthistorisk institusjonalismenob
dc.subjectkorporatismenob
dc.subjectpluralismenob
dc.subjectnorsk oljeindustrinob
dc.subjectWilloch-doktrinennob
dc.subjecttarifforhandlingernob
dc.titleFagforeininga som ikkje lét seg temje. OFS og dei oljeindustrielle relasjonane 1973-1997eng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.localcodeAORG350
dc.description.localcodeMASV-AORG
dc.subject.nus731111eng
fs.subjectcodeAORG350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel