Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEide, Thomas Noveneng
dc.date.accessioned2013-07-08T07:29:01Z
dc.date.available2013-07-08T07:29:01Z
dc.date.issued2013-05-15eng
dc.date.submitted2013-05-15eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/6772
dc.description.abstractProblemstillinga for denne studien er hovudsakleg om det er klasseskilnader i haldningar til sosial ulikskap i Noreg. Studien utforskar først og fremst om haldningane kan forklarast med klassespesifikke interesser og normer, og deretter om haldningane varierer mellom land og er knytt til Noreg sine institusjonar og utviklingstrekk. Dette er ein analytisk tilnærmingsmåte basert på Stefan Svallfors sin politiske sosiologi, der han samanliknar haldningsmønster mellom klassar, og mellom land. Denne studien forsøker å gjenskape nokre av dei same indeksane og modellane til Svallfors (2006, kap. 4), både for å gjennomføre ein norsk studie, og for å samanlikne analysemåtar, argumentasjonsmåtar og resultat. Det blir gjort med utgangspunkt i ein versjon av EGP-skjemaet og surveydata. Studien er spesielt retta mot haldningar til marknadsdistribusjon og synet på sjanselikskap (mobilitet) i arbeidsmarknaden, og i kva grad ein meiner det er konfliktar i samfunnet. Analysane omfattar klasseskilnader i kva som vert oppfatta som rettferdig fordeling av økonomiske godar, og byggjer på spørsmåla sin responsskala og på haldningsindeksar. I arbeidslivet handlar det om kva ein meiner ulike yrker bør tene, kva kriterium (eigenskapar) som skal leggjast vekt på ved lønnsfastsetjing, og i kva grad ein meinar at staten bør omfordele godane mellom fattig og rik. I spørsmålet om sjanselikskap handlar det om kva ein vurderer som viktig for å ”kome seg fram”, og konflikt kan vere mellom ”topp og bunn i samfunnet”. Spørsmålet om private velferdskjøp handlar om kva prinsipp ein meinar bør liggje til grunn for tilgangen til helse- og utdanningstilbod. Hovedfunnet er at klasse har betyding for haldningar til ulikskap i Noreg, der støtte og motstand på haldningsindeksane ofte er klassehierarkiske. Når ein samanliknar resultata, viser derimot betydinga av klasse å variere i stor grad mellom ulike haldningstypar. Dette funnet støttar validiteten til Svallfors’ analytiske utgangspunkt: definisjon av social attitudes, som er knytt til konkrete objekt og spørsmål om korleis samfunnet bør vere. Normative haldningar, til dømes haldningar til fordelingspolitikk, er sterkare korrelert med yrkesklassar samanlikna med spørsmål om korleis ein opplever og/eller meiner samfunnet er, til dømes indeksen for sjanselikskap. Betydinga av klasse varierer etter kva metodiske kriterium ein legg til grunn. Når eg legg vekt på mellom anna alphatestar, forklart varians og regresjonskoeffisientar, så vert funna mindre klåre på det nasjonale planet, samanlikna med analysar basert på medianverdiane til EGP-klassar, med hovudfokus på dei komparative variasjonane i klassemønster. Klasseskilja i haldningar til sosial ulikskap kom hovudsakleg fram i differansen mellom ufaglærde i manuelle yrke nedst i klassehierarkiet, og tilsette i høgare- og lågare kontrollyrke øvst. At ein aldri oppnådde seks signifikante klasseskilje i modellane, kan tyde på at det er små klasseskilnader i haldningar. På den andre sida kan det skuldast veikskapar i EGP-skjemaet, og spørsmål om både reliabilitet og validitet. Klasseeffekten på opplevd sjanselikskap og konflikt er svært låg, og ikkje signifikant når ein kontrollerer for andre bakgrunnsvariablar basert på Blau & Duncan sin OED-modell (sjå Hjellbrekke & Korsnes 2006:35-37). Det same gjeld for indeksen privat velferdskjøp. Spesielt utdanning, i hovudsak lågt utdanningsnivå, har ein negativ effekt på opplevd sjanselikskap, og er også assosiert med aukande oppleving av konflikt i samfunnet. Betydinga av utdanningsskilje for haldningar og klasse bør avklarast i vidare forsking. I siste analysedel blir det gjort ei korrelasjonsanalyse av alle haldningsindeksane, der ein til liks med Svallfors (2006:73) sine funn for både USA og Sverige, finn at ufaglærde arbeidarar har ein svak haldningsintegrasjon samanlikna med befolkninga elles, medan klassen øvst i hierarkiet (høgare kontrollyrke, ofte kalla service I, eller serviceklassen) har ein sterkare haldningsintegrasjon. Forstår ein dette som skilnader i ideologisk integrasjon, vil tilsette i høgare kontrollyrke kunne ha ein fordel når det kjem til politisk innflytelse i samfunnet. I lys av dei stegvise hypotesetestingane basert på OED-modellen i kapittel fem og seks gjort med multivariat blokkregresjon, kan det vere rimeleg å spør om utdanningsskilja kan ha ein betyding for ideologisk integrasjon. På tvers av klassane er likevel haldningane til fordelingspolitikk og privat velferd av størst betyding, og er i tillegg ganske likt korrelert. På mange måtar er dette dei indeksane som er klårast politisk formulert, og dei utgjer ein kjernedimensjon med betyding for spørsmålet om sosial omfordeling og likskap. Ein sentral tese i Svallfors sine studiar er at større klasseskilnader i haldningar er knytt til at korporative institusjonar artikulerar lønns- og fordelingspolitiske konfliktlinjer regelmessig. Slike institusjonar har ein sterkare posisjon i sosialdemokratiske velferdsstatar, samanlikna med dei liberale. Artikulerte klassehaldningar kan difor knytast til vidareutviklinga av sosialdemokratiske institusjonar og deira normative prinsipp. Vidare forsking kan nytte større komparative tidsseriestudiar av norske data for å utforske denne tesen.en_US
dc.format.extent2179134 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectKlasseeng
dc.subjectHoldningereng
dc.subjectSosial ulikheteng
dc.subjectFordelingspolitikkeng
dc.subjectLønneng
dc.subjectNormereng
dc.subjectNorgeeng
dc.titleKlasse og ulikskapen sin legitimitet. Ein kvantitativ analyse av klassar og haldningar til sosial ulikskap i Noreg.eng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMaster i Sosiologi
dc.description.localcodeSOS360
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106eng
fs.subjectcodeSOS360


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel