dc.description.abstract | Temaet for denne oppgåva er trivsel blant flyktningar i ein distriktskommune på Vestlandet. Problemstillinga mi tek føre seg korleis det er for flyktningar å bu i ein distriktskommune på Vestlandet, og kva dei eigentleg tenkjer om dette. Korleis er det å kome som flyktning til eit lite lokalsamfunn på Vestlandet? Er det lett å kome i kontakt med folk? Er det store kulturelle forskjellar i frå deira eigne heimland? Er det vanskeleg å lære det norske språket, eller går dette greitt? Er dei aktive i ulike organisasjonar på fritida? Trivest borna deira i kommunen og kva er tankane deira om framtida? Med utgangspunkt i kvalitative intervju har eg analysert korleis eit utval samansett av 7 kvinner og 4 menn opplever sin bustadsituasjon i kommunen. Viktige teoretiske verktøy for analysa har vore Bordieu (1986), Granovetter (1973) og Putnam (2000) sin nettverksteori, diskusjonen rundt omgrepet integrering (Ager og Strang 2008, Kjelstadli 2008), teorieen om push, pull og stay-faktorar (Søholt, Aasland, Onsager og Vestby 2012) og tidlegare forsking gjort rundt tema som omhandlar trivsel og bulyst blant flyktningar (Hanche-Dalseth, Bergem og Aarflot 2009, Klepp 2003, Pedersen 2008, Søholt, Aasland, Onsager og Vestby 2012, Thorshaug, Valenta og Berg 2009). Analysen er inndelt i tre delar og tek opp: 1.) trivsel, kulturelle forskjellar og 2.) møte med nordmenn, møtestader for flyktningar og 3.) jobb, bustad og framtidsplanar. Her har mine informantar kome med interessante skildringar om korleis dei opplever å bu i ein distriktskommune på Vestlandet. Mine empiriske funn viser at flyktningane er svært engasjerte, spesielt når det gjeld å lære seg norsk, vere med på ulike aktivitetar og kome seg ut i arbeidslivet. | en_US |