Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBirkeland, Tor Ivareng
dc.date.accessioned2014-06-25T12:03:56Z
dc.date.available2014-06-25T12:03:56Z
dc.date.issued2014-03-24eng
dc.date.submitted2014-03-24eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/8016
dc.description.abstractSamandrag I fjellandet Noreg har skred alltid vore eit alvorleg trugsmål. Dei siste 500 åra har om lag 4000 menneske mista livet i skredulykker, dei fleste forårsaka av snøskred. I land som vårt er kartlegging av skredfare ei viktig samfunnsoppgåve, men den kan vera både praktisk og etisk vanskeleg. I denne oppgåva har eg sett på ulike metodar for berekning av utløpslengde av snøskred, samt korleis ein vektlegg ulik informasjon ved fastsetjing av frekvens i ei skredfarevurdering. Denne oppgåva er meint som eit tilskot i diskusjonen rundt metodebruk i vurdering av skredfare. Dette er gjort ved å kartleggja faren for snøskred frå fjellet Skårane mot Indreeide i Norddal kommune på Sunnmøre. Resultatet syner at 9 bygningar ligg innanfor faregrensa 1/100, 16 bygningar innanfor faregrensa 1/1000, og 1 bygning innanfor faregrensa 1/5000. Det vert anbefalt at sikringstiltak vert iverksett der skredfaren er for høg for bygningar i tilhøyrande sikkerheitsklasse. Metodar som kvartærgeologisk kartlegging, innsamling av informasjon om tidlegare skredhendingar, samt berekning av utløpslengde frå dynamisk modell RAMMS og topografisk- statistisk modell Alfa-beta er nytta. Det syner seg at kvar metode har sine avgrensingar som er viktig å ta høgde for ved vurdering av skredfare. Informasjon om tidlegare skredhendingar viser seg å vera særs viktig, men det er både tidskrevjande med innsamling og tilgang og kvaliteten kan vera kjeldeavhengig. På mange stadar finst det meir informasjon enn det som er tilgjengeleg gjennom databasar, som til dømes www.skrednett.no. Det var ganske tilfeldig eg trefte på Harald Indreeide, han kunne fortelja om eit stort snøskred 5. mars 1956 som stogga nær busetnaden på Indreeide. Dette er ein informasjon som viser seg å vera særs viktig, skredfarevurderinga ville elles blitt annleis. Ved gode historiske kjelder kan ein kopla utløpslengde frå kvar av metodane opp mot frekvens. Den kvartærgeologiske kartlegginga syner store skadar på vegetasjonen, men gjev lite informasjon om utløpslengder som kan truga gardane på Indreeide. Ein høgoppløyseleg digital terrengmodell til bruk i eit GIS syner stor morfologisk detaljgrad og er eit kjærkome hjelpemiddel. Utløpslenga er berekna ved Alfa- beta modellen ved standard og utvida likning, men resultatet frå dei to likningane er om lag det same. Den utvida likninga gjev liten auke i presisjon for modellen. Modellen RAMMS er også nytta for å berekna utløpslengda, men den viser seg å vera svært sensitiv i forhold til val av startparameter. Rekonstruksjon av skredhistorikk sikrar at startparametrane er baserte på dei rette fysiske forholda på staden. Meteorologiske data som samsvarar med dei reelle fysiske forholda kan vera vanskeleg å finna, sidan romsleg korrilering av nedbør er svært vanskeleg. I mange tilfelle er det vanskeleg å seia kva innverknad dei ulike feilkjeldene til metodane har. Ein bør difor vektlegga informasjon om tidlegare skredhendingar ved fastsetjing av største nominelle årlege sannsyn for utløpslengde. Ut frå gyldigheita til informasjonen som modellane baserer seg på og feilkjeldene til dei ulike metodane, er det vanskeleg å vurdera skredfaren etter retningslinjene i TEK 10. Retningslinjene for skredfare burde difor endrast til å gjelda gjentaksintervall som i større grad er råd å vurdera.en_US
dc.format.extent14122152 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.subjectSnøskredeng
dc.subjectRammseng
dc.titleKartlegging av skredavsetningar og snøskredfare i Eidsdalen, Norddal kommune på Sunnmøreen_US
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMaster i Geovitenskapen_US
dc.description.localcodeMAMN-GEOV
dc.description.localcodeGEOV399
dc.subject.nus756199eng
fs.subjectcodeGEOV399


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel