A Contemporary Body in Classical Guise. Representation of disability in classical form and contemporary beauty norm in Alison Lapper Pregnant.
Abstract
This master thesis looks at how people with physical disabilities have been portrayed, and is portrayed, in art. When Alison Lapper Pregnant was exhibited on the fourth plinth in Trafalgar Square, the artwork opened up for a discussion about beauty, ideals and norms for the human body. Marc Quinn uses the sculpture series The Complete Marbles to investigate how we perceive the human body and physical beauty, and how we perceive the fragmented traces from antiquity. Quinn created The Complete Marbles in 1999-2000, inspired by the Greek and Roman fragments that he had seen in the British Museum. The sculptures appearance are similar to the fragments from antiquity, however Quinn chose to do The Complete Marbles in a neoclassical style. Alison Lapper Pregnant is part of this sculpture series, and after it was exhibited on Trafalgar Square, it became an artwork in its own right. As public art the artwork can shed light on how and why portrayal of people with physical disabilities have been lacking and limiting. To discuss this I shall look at the term “the abject” by Julia Kristeva and “the uncanny” by Sigmund Freud. I shall use commercials as example of a contemporary beauty ideal and compare them with Greek and Roman sculptures. Denne masteroppgåva undersøkjer korleis menneskjer med fysiske handikapp har blitt framstilt, og blir framstilt, i kunsten. Då Alison Lapper Pregnant blei utstilt på Trafalgar Square opna verket opp for ein diskusjon om skjønnheit, ideal og normer for menneskekroppen. Marc Quinn har brukt skulpturserien The Complete Marbles til å undersøkje korleis ein ser på kroppen og fysisk skjønnheit, men og korleis me opplever dei fragmentariske etterlevingane frå antikken. Quinn skapte The Complete Marbles i 1999-2000, etter inspirasjon frå greske og romerske fragmenter som han hadde studert i British Museum. Skulpturanes framtoning liknar på fragmentar frå antikken, men Quinn har valt å utforma dei i ei nyklassisistisk form. Alison Lapper Pregnant er ein del av denne skulpturserien, men blei eit sjølvstendig verk då det blei utstilt på Trafalgar Square. Responsen verket fekk då det blei offentleg kunst kan sei noko om kvifor framstillingar av menneskjer med fysiske handikapp har vore mangelfull og snever. For å undersøkje dette ser eg på omgrepet «the abject» av Julia Kristeva og «the uncanny» av Sigmund Freud. I drøftinga rundt skjønnheit, ideal og normer blir reklamer brukt som eksempel på vår samtid skjønnheits ideal, og dei blir samanlikna med greske og romerske skulpturar.