• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Humanities
  • Department of Archaeology, History, Cultural Studies and the History of Religions
  • Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion - AHKR
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Humanities
  • Department of Archaeology, History, Cultural Studies and the History of Religions
  • Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion - AHKR
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Trålfisket i norsk fiskerinæring 1945-1960

Strand, Øystein Bolset
Master thesis
Thumbnail
View/Open
119570342.pdf (6.970Mb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/8278
Date
2014-05-14
Metadata
Show full item record
Collections
  • Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion - AHKR [842]
Abstract
Temaet for denne oppgåva er utviklinga av trålfisket i Noreg etter krigen og betydninga trålfisket hadde for utviklinga i den norske fiskerinæringa i same periode. Oppgåva tar for seg perioden 1945 til 1960 og viser at trålfisket for alvor innpass i den norske fiskerinæringa i løpet av desse åra. I 1960 var trålfisket ein integrert del av næringa. Dei første større trålarane kom i drift i Noreg på 1930-talet. Det utløyste stor debatt og trållovgjevinga vart strama inn. Det må sjåast i samanheng med dei økonomiske forholda i Noreg. Ein var også redd for at trålfisket ville føra til liknande endringar som i Storbritannia. Der hadde kystfisket fått mindre omfang, og trålarnæringa vart ei reiarbasert bynæring. Trålarlova av 1939 var streng, men opna òg for tildeling av mellombelse trålkonsesjonar. Mellom 1946 og 1951 vart det delt ut mange slike. I 1951 vart det vedteke ein ny trålarlov. Denne mogleggjorde ei større utbygging av trålarflåten enn tidlegare, men på strenge vilkår. Trålfisket var framleis konsesjonsbasert. På det meste hadde over 500 fartøy trålkonsesjon. Dei aller fleste var mindre fartøy og var ein del av den eksisterande fiskeflåten. Omlag 30 større trålarar hadde konsesjon. Dei største trålarane tråla etter torskefisk store delar av året, for det meste i Barentshavet. Desse var nært knytt opp til utbygginga av ein frysefiletindustri i Nord-Noreg etter krigen. Dei små trålarane dreiv trålfiske som sesongfiske, særleg etter torskefisk utanfor Finnmark på våren og sommaren. Nokre dreiv sildetråling i Nordsjøen. Utbygginga av den norske trålarflåten skjedde på heimlege premissar. Trålinga var heile tida konsesjonsbasert og under politisk kontroll. Fartøya var i all hovusak eigde av aktive fiskarar, sjølv om fiskeindustrien stod som eigarar av ein del av dei største trålarane. Busetnadsmønsteret i landet medverka til at ein ikkje fekk ei urbanisering av fiskeflåten slik som i England. Berre i Kristiansund og i Hammerfest vart det oppbygd trålarmiljø av ein viss storleik. Småtrålarane tok trålteknologien i bruk innanfor allereie eksisterande fiskeri. Oppgåva viser såleis at trålfisket fekk innpass i fiskerinæringa ved i stor grad å tilpassa seg dei eksisterande rammene i næringa i staden for å endra dei.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit