Diplomati og konfliktløysing c.1244-1266 - ei undersøking av diplomatiske verkemiddel i to norske mellomaldertraktatar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/9171Utgivelsesdato
2014-11-20Metadata
Vis full innførselSammendrag
Denne oppgåva undersøker dei diplomatiske verkemidla som vart nytta for å løyse to konfliktar under regjeringstida til dei norske kongane Håkon Håkonsson (1217-1263) og Magnus Håkonsson (1263-1280). I 1247 vart norske handelsskip plyndra i Grønsund av danske og lybske kaprarar. Etter brevveksling mellom Håkon og Lübeck vart konflikten avslutta gjennom freds- og handelsavtale i 1250. Den andre konflikten kom av skotske framskot for å overta det norske overherredømet på Suderøyane og Man. Etter diplomatiske forsøk ikkje førte nokon veg sette det skotske riksstyret i gang militære verkemiddel. Etter kong Håkons død på Orknøyane i desember 1263 og nye diplomatiske forhandlingar vart konflikten avslutta gjennom norsk avståing av Suderøyane og Man mot økonomisk kompensasjon gjennom Perth-traktaten i 1266. Gjennom undersøking av desse to døma har eg forsøkt å finne ut kvifor diplomatiet vann gjennom i den første konflikten, men feila i den andre. Er det skilnader i kva diplomatiske verkemiddel ein nytta og kan dei forklare kvifor militære verkemiddel vart nytta i den siste? Korleis gjekk partane fram for å fremje sine interesser gjennom diplomati og militære verkemiddel? Eg har også undersøkt korleis dei to traktatane fungerte som fredsslutning og i kva grad dei diplomatiske verkemidla i dei to traktatane kan samanliknast. I forskinga på utanrikspolitikk og diplomati har ein i hovudsak fokusert på diplomatiske prosedyrar og å sjå konfliktane i transnasjonale perspektiv. I denne undersøkinga har eg forsøkt å undersøke diplomatiet gjennom å sjå på det substansielle innhaldet; dei diplomatiske verkemidla partane nytta for å komme fram til ei løysing. Gjennom å undersøke dei to konfliktane har eg funne at hovudgrunnane til skilnaden mellom konfliktane for det første ligg i partanes interesser ikkje kunne sameinast utan kompromiss og konsesjonar i konflikten med Skottland. Mangelen av personlege band mellom partane og mangel av innverknad frå ein tredjepart førte til at partane ikkje kom fram til kompromiss. Verkemiddel som utsetjing og uthaling, samt mangel på mandat på utsendingar synast også å ha vanskeleggjort diplomatiet. Kjeldematerialet har likevel vore utfordrande å analysere sidan mykje av grunnlaget er partsinnlegg i konfliktane. Sjølv om traktatane har ulike utgangspunkt og er ulikt utforma, har eg likevel identifisert fleire samanfallande verkemiddel i vilkåra som fungerte som fredsslutning og som skulle føre til samarbeid mellom partane. I dei endelege fredsslutningane har eg altså funne samanfallande verkemiddel som bidrog til traktatanes etterliv og samhandlinga mellom partane i dei to konfliktane.