Miljøundersøking av Tveitevatnet og Fjøsangervassdraget i Bergen, med fokus på abbor (Perca fluviatilis) som indikatororganisme
Abstract
Tveitevatnet (Årstad bydel, Bergen kommune) har lenge vore påverka av forureina sigevatn fra eit gammalt deponi på Slettebakken i tillegg til industri i næromradet, noko som har gjort at miljøgifter som PCB og tungmetall har samla seg opp i miljøet. Hovudmålet med denne oppgåva har vore å undersøke om desse miljøgiftene påverkar abbor i Tveitevatnet med omsyn til fiskehelse og mattryggleik. Og om andre vatn i næromradet eventuelt har blitt påverka av miljøgifter i same grad. Abbor vart fanga i Tveitevatnet (n = 13) og Myravatnet (n = 15), der Myravatnet vart brukt som referanselokalitet. Sedimentprover vart teke i Tveitevatnet og Myravatnet i tillegg til Solheimsvatnet, Storetveitevatnet og Kristianborgvatnet som ligg i Fjosangervassdraget saman med Tveitevatnet. Sedimenta vart analysert for \sigmaPCB_7 og ei rekkje ulike metall, i tillegg til kornfordeling og nivaet av organisk materiale. I prøver fra abbor vart biomarkorane CYP1A, HSP70, vitellogenin og katalase nytta for å undersøke tidlige teikn på negativ effekt fra eksponering for diverse miljøgifter på fiskehelse. Galle vart undersokt for PAH-metabolitter. PCB, DDT og tungmetall vart undersøkt i muskelvevet til abbor av omsyn til mattryggleik. I tillegg vart nivåa av desse miljøgiftene målt i levervevet for å undersøke samanhengen mellom kjemisk forureiningsniva og biomarkor-respons. Kornfordeling viste ein relativt lik profil i alle vatna, og alle hadde eit høgt innhald av organisk materiale. PCB-nivaa i sedimenta viste høgst verdi i Tveitevatnet og Storetveitvatnet, men alle vatna låg innan klassifiseringa moderat forureining av PCB. Nivåa av metall i sedimenta viste generelt høge verdiar av sink og bly i alle vatna, medan nivået av kobbar varierte fra god i Solheimsvatnet og Kristianborgvatnet til veldig dårlig i Storetveitevatnet. Kvikksølv var for lavt til å kunne detekterast i sediment fra alle dei fem vatna. Biomarkørane i abbor viste omlag lik uttrykking i abbor fra Tveitevatnet samanlikna med Myravatnet for CYP1A og HSP70 medan uttrykkinga i katalase var signifikant høgare i abbor fra Tveitevatnet. Enzymaktiviteten for CYP1A og katalase viste høgst verdiar for abbor i Myravatnet der katalaseaktiviteten var signifikant høgare i abbor frå Myravatnet. Malingar av PCB, DDT og metall viste ein høgare konsentrasjon av miljøgifter i levervevet enn muskelvevet på abbor, men verdiane som blei målt var generelt låge for abbor i begge vatna. Samtlege av målingane av vevet viste høgast verdi for abbor fra Myravatnet, der skilnadane i DDT malingane var statistisk signifikante. PCB_6 og metalla bly, kvikksølv og kadmium i filet av abbor var under EUs øvre grenseverdi for desse miljøgiftene i filet. Dermed er det ikkje bekymring med omsyn til mattryggleik av abbor undersøkt i denne oppgåva.