dc.contributor.author | Helgheim, Maja | eng |
dc.date.accessioned | 2015-02-26T11:53:56Z | |
dc.date.available | 2015-02-26T11:53:56Z | |
dc.date.issued | 2015-01-28 | eng |
dc.date.submitted | 2015-01-28 | eng |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/1956/9440 | |
dc.description.abstract | Tveitevatnet (Årstad bydel, Bergen kommune) har lenge vore påverka av forureina sigevatn fra eit gammalt deponi på Slettebakken i tillegg til industri i næromradet, noko som har gjort at miljøgifter som PCB og tungmetall har samla seg opp i miljøet. Hovudmålet med denne oppgåva har vore å undersøke om desse miljøgiftene påverkar abbor i Tveitevatnet med omsyn til fiskehelse og mattryggleik. Og om andre vatn i næromradet eventuelt har blitt påverka av miljøgifter i same grad. Abbor vart fanga i Tveitevatnet (n = 13) og Myravatnet (n = 15), der Myravatnet vart brukt som referanselokalitet. Sedimentprover vart teke i Tveitevatnet og Myravatnet i tillegg til Solheimsvatnet, Storetveitevatnet og Kristianborgvatnet som ligg i Fjosangervassdraget saman med Tveitevatnet. Sedimenta vart analysert for \sigmaPCB_7 og ei rekkje ulike metall, i tillegg til kornfordeling og nivaet av organisk materiale. I prøver fra abbor vart biomarkorane CYP1A, HSP70, vitellogenin og katalase nytta for å undersøke tidlige teikn på negativ effekt fra eksponering for diverse miljøgifter på fiskehelse. Galle vart undersokt for PAH-metabolitter. PCB, DDT og tungmetall vart undersøkt i muskelvevet til abbor av omsyn til mattryggleik. I tillegg vart nivåa av desse miljøgiftene målt i levervevet for å undersøke samanhengen mellom kjemisk forureiningsniva og biomarkor-respons. Kornfordeling viste ein relativt lik profil i alle vatna, og alle hadde eit høgt innhald av organisk materiale. PCB-nivaa i sedimenta viste høgst verdi i Tveitevatnet og Storetveitvatnet, men alle vatna låg innan klassifiseringa moderat forureining av PCB. Nivåa av metall i sedimenta viste generelt høge verdiar av sink og bly i alle vatna, medan nivået av kobbar varierte fra god i Solheimsvatnet og Kristianborgvatnet til veldig dårlig i Storetveitevatnet. Kvikksølv var for lavt til å kunne detekterast i sediment fra alle dei fem vatna. Biomarkørane i abbor viste omlag lik uttrykking i abbor fra Tveitevatnet samanlikna med Myravatnet for CYP1A og HSP70 medan uttrykkinga i katalase var signifikant høgare i abbor fra Tveitevatnet. Enzymaktiviteten for CYP1A og katalase viste høgst verdiar for abbor i Myravatnet der katalaseaktiviteten var signifikant høgare i abbor frå Myravatnet. Malingar av PCB, DDT og metall viste ein høgare konsentrasjon av miljøgifter i levervevet enn muskelvevet på abbor, men verdiane som blei målt var generelt låge for abbor i begge vatna. Samtlege av målingane av vevet viste høgast verdi for abbor fra Myravatnet, der skilnadane i DDT malingane var statistisk signifikante. PCB_6 og metalla bly, kvikksølv og kadmium i filet av abbor var under EUs øvre grenseverdi for desse miljøgiftene i filet. Dermed er det ikkje bekymring med omsyn til mattryggleik av abbor undersøkt i denne oppgåva. | en_US |
dc.format.extent | 1316798 bytes | eng |
dc.format.mimetype | application/pdf | eng |
dc.language.iso | nno | eng |
dc.publisher | The University of Bergen | en_US |
dc.subject | Tveitevatnet | eng |
dc.subject | Myravatnet | eng |
dc.subject | Fjøsangervassdraget | eng |
dc.subject | Abbor | eng |
dc.subject | PCB | eng |
dc.subject | Tungmetall | eng |
dc.subject | Matvaretryggleik | eng |
dc.subject | Tungmetaller | nob |
dc.subject | Polyklorerte bifenyler | nob |
dc.subject | Mattrygghet | nob |
dc.title | Miljøundersøking av Tveitevatnet og Fjøsangervassdraget i Bergen, med fokus på abbor (Perca fluviatilis) som indikatororganisme | en_US |
dc.type | Master thesis | |
dc.rights.holder | Copyright the author. All rights reserved | en_US |
dc.description.degree | Master i Biologi | en_US |
dc.description.localcode | MAMN-BIO | |
dc.description.localcode | BIO399 | |
dc.subject.realfagstermer | http://data.ub.uio.no/realfagstermer/c011788 | |
dc.subject.realfagstermer | http://data.ub.uio.no/realfagstermer/c012548 | |
dc.subject.realfagstermer | http://data.ub.uio.no/realfagstermer/c030285 | |
dc.subject.realfagstermer | http://data.ub.uio.no/realfagstermer/c007434 | |
dc.subject.realfagstermer | http://data.ub.uio.no/realfagstermer/c005522 | |
dc.subject.nus | 751999 | eng |
fs.subjectcode | BIO399 | |