"Det er de som har makten". Ein kvalitativ studie av bussjåførar si oppleving av å vere i ein trepartsrelasjon etter at kollektivtrafikken vart sett ut på anbod
Master thesis

View/ Open
Date
2013-07-04Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Sociology [454]
Abstract
Denne studien omhandlar korleis bussjåførar opplever det å vere i ein trepartsrelasjon med trafikkselskapet (Trafikkselskapet) dei er tilsett i og fylkeskommunen (Driftselskapet) som dei gjere ein jobb for. Problemstilling som har styrt denne oppgåva er: Korleis har maktforholdet i tilsetjingsrelasjonen og arbeidssituasjonen for bussjåførane endra seg etter at kollektivtrafikken vart sett ut på anbod? Denne problemstillinga er interessant fordi det viktig å undersøkje korleis trepartsrelasjonar påverkar arbeidarane. Kva har endra seg og korleis merkar bussjåførane dette? Eg intervjua ni bussjåførar kring tema som makt, arbeidssituasjon, arbeidsforhold og tilhøyrsle. Dette vart gjort for å kunne få deira opplevingar og meiningar kring trepartsrelasjonen dei er i. Det er viktig å undersøkje korleis arbeidarar opplever det å vere i ein trepartsrelasjon for å kunne i vareta deira rettigheiter som tilsette. Det vert meir utbreitt med trepartsrelasjonar i arbeidslivet og det er naudsynt å ha eit fokus på dette. Det kjem fram i intervjua at maktforholdet mellom Driftselskapet og Trafikkselskapet vert oppfatta som skeivt. Denne skeivfordelinga av makt påverkar arbeidssituasjonen til informantane og deira mogelegheit til å kunne påverke sin eigen arbeidskvardag. Innskrenka mogelegheita til å kunne påverke sin eigen arbeidskvardag er noko som påverkar informantane si kjensle av tilhøyrsle og tillit til Trafikkselskapet. Auka jobbkrav, mindre trivsel og tidspress er noko som informantane fortel om og som vert oppfatta av dei som noko av årsaka til auka stress og høgt sjukefråvær.