Eksklusivavtalar og investering
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/9965Utgivelsesdato
2015-05-31Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Economics [304]
Sammendrag
Ein eksklusivavtale er ein kontraktfesta klausul mellom aktørar på ulike ledd i ei vertikal verdikjede. Avtalen hindrar ein eller fleire aktørar frå å drive handel med andre enn den eksklusive partnaren. Eit døme er ein forhandlar som bind seg til å føre produktet til ein eksklusiv produsent, ein eineleverandøravtale. Eksklusivavtalar er kontroversielle både i økonomisk teori og praktisk konkurransepolitikk. Årsaken til kontroversane er at avtalane kan ha motstridande effektar på den økonomiske velferda. Det er vist at eksklusivavtalar på den eine sida kan føre til velferdsskadeleg utestenging av aktørar, medan dei på den andre sida kan styrke velferda ved å fremme effektivitet. Ein av desse effektivitetsvinstane er at eksklusivitet kan stimulere til investering og innovasjon. Formålet med denne oppgåva er å studere korleis eksklusivavtalar påverkar incentiva bedriftene har til å investere. Oppgåva tek føre seg den økonomiske litteraturen som omhandlar eksklusivitet og investering. Eit viktig funn er at eksterne verknader er ein viktig faktor for å avgjere investeringseffekten av eksklusivavtalar. Med eksterne verknader (spillovereffektar) forstår ein at investeringa har innverknad på verdien av handel for aktørar utanfor den aktuelle relasjonen, til dømes viser litteraturen at eineleverandøravtalar kan stimulere til investering frå aktørar oppstraums (nedstraums) når investeringane har positive (negative) eksterne verknader. Eit av bidraga til denne oppgåva er å vise at tapet av positive spillovereffektar, frå eit velferdsperspektiv, kan dominere vinsten av auka individuell investering. I dei tilfella investeringane berre påverkar intern verdi, er litteraturen meir delt når det gjeld effekten av eksklusivitet. Det er funne situasjonar der eksklusivitet kan stimulere til slike investeringar, men også tilfelle der eksklusivitet er irrelevant for investering. Oppgåva argumenterer for at det kan vere særs utfordrande å fastslå totalverknaden eksklusivitet har på velferd. Til dømes kan investeringseffekten i seg sjølv vere med på å gjere skadeleg utestenging mogleg.