BORA - UiB

Bergen Open Research Archive

Talemål og livsverd. Ein aldersavgrensa populasjonsstudie blant ungdomar i Aurland i Sogn.

Bergen Open Research Archive

Show simple item record

dc.contributor.author Stokstad, Ingunn
dc.date.accessioned 2008-11-11T11:57:55Z
dc.date.available 2008-11-11T11:57:55Z
dc.date.issued 2008-11-11
dc.date.submitted 2007-11-20 en
dc.identifier.uri http://hdl.handle.net/1956/2904
dc.description.abstract Dette er ein studie av talemålet til ein ungdomspopulasjon i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Målet med studien er å utforska relasjonen mellom ungdomane sitt talemål og korleis dei konstituerer livsverda si. Hovudproblemstillinga for avhandlinga er: I kva grad er det samanfall mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å konstituera ei lokalt orientert livsverd hjå ungdomane?Det empiriske materialet består av to delar; ein språkleg del og ei kulturell bakgrunnsundersøking. Foreldra sitt talemål er registrert som ein del av bakgrunnsundersøkinga. Fleire av ungdomane i undersøkinga har foreldre som ikkje realiserer eit lokaltilknytt talemål. I studien vert det òg undersøkt i kva grad desse ungdomane sjølv realiserer lokaltilknytte talemålsvariantar. Problemstillinga for denne delundersøkinga er om det er nokon samanheng hjå ungdomane som er nemnde ovafor, mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg og geografisk identitet.Elleve språklege variablar er undersøkte. Dei realiserte variantane er kategoriserte som enten lokaltilknytte variantar eller ikkje-lokaltilknytte variantar.I den kulturelle bakgrunnsundersøkinga vert livsverda til ungdomane undersøkt indirekte. Det vart gjort kvalitative livsverdintervju med kvar informant. Informantane sine handlingar/haldningar i ulike kulturelle felt er registrert. Felta er kategoriserte som enten lokalforankra eller ikkje-lokalforankra. Feltinndelinga er inspirert av Bourdieu si felttilnærming i kultursosiologien sin slik Gunnstein Akselberg modifiserer det i dr.art.-avhandlinga si (Akselberg 1995). Undersøkinga syner at det på populasjonsnivå og talemålskategorinivå er eit samsvar mellom å realisera lokaltilknytte språklege variablar og å utføra lokalforankra handlingar/haldningar i dei kulturelle felta. På individnivå er det samanfall mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og utføra lokaltilknytte handlingar/haldningar hjå éin informant. Det er ein tendens til samanfall hjå 13 informantar. Hjå tre informantar er det ein liten tendens til samanfall. Hjå to informantar er det ikkje noko samanfall.Ungdomane i studien som har éin forelder med eit lokaltilknytt talemål, har svært ulik talemålspraksis og relativt stor interindividuell språkleg variasjon. På gruppenivå finn eg ikkje nokon samanheng mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg og geografisk identitet. Den kvalitative undersøkinga syner at det på individnivå kan vera ein samanheng mellom å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg identitet og å realisera lokaltilknytte språktrekk hjå nokre informantar. no
dc.format.extent 12156147 bytes en
dc.format.mimetype application/pdf en
dc.language.iso nno en
dc.publisher The University of Bergen en
dc.rights Copyright the author. All rights reserved en
dc.subject Sosiolingvistikk no
dc.subject Dialekt no
dc.subject Talemål no
dc.title Talemål og livsverd. Ein aldersavgrensa populasjonsstudie blant ungdomar i Aurland i Sogn. no
dc.type Master thesis
dc.type.degree Master i Nordisk språk og litteratur no
dc.type.course NOLISP350 en
dc.subject.nsi VDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018 no
dc.rightsHolder The author en
dc.subject.archivecode Mastergrad
dc.subject.nus 711123
dc.type.program MAHF-NORD en


Files in this item

 

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Search BORA


Browse

My Account