El trasfondo político de la penalización del aborto terapéutico en Nicaragua en 2006, y su relación con los derechos humanos de las mujeres.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/3637Utgivelsesdato
2009-05Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva har som mål å undersøke reforma av abortlova i Nicaragua i 2006, ut frå eit kjønns- og menneskerettsperspektiv. I oktober 2006 vedtok Nasjonalforsamlinga i Nicaragua å annullere artikkel 165 frå den nasjonale straffelova. Denne artikkelen garanterte retten til medisinsk abort i tilfelle der dette var eit naudsynt inngrep for å verne om kvinna sitt liv eller helse. Min påstand er at ein studie av denne lovendringa kan fungere som eit analytisk verktøy for å evaluere i kva grad den nicaraguanske staten respekterer, vernar og fremjar kvinners menneskeretter. Eg konkluderer med at vi bør forstå kriminaliseringa av medisinsk abort i Nicaragua i 2006 ikkje berre som ei einskild historisk hending, men at det er meir fruktbart å studere denne hendinga som ein sentral del av ein lenge pågåande forhandlingsprosess mellom feministiske og anti-feministiske interesser i forholdet stat – kjønn i Nicaragua. Dersom ein vurderer morsrolla som eit konstituerande element i den kvinnelege identiteten, kan ei statleg regulering av fridomen til å kontrollere eigen fertilitet vere ein viktig maktmekanisme for å halde i hevd tradisjonelle kjønnsstrukturar i samfunnet. Bakgrunnen for kriminaliseringa av medisinsk abort i 2006 synleggjer viktige sider ved det aktuelle politiske klimaet i Nicaragua, og gjennom å studere lovendringa kan ein kaste lys over heilt sentrale aspekt ved den generelle menneskerettssituasjonen til kvinner og jenteborn i landet.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
Copyright the author. All rights reservedThe author