dc.contributor.author | Stephan, Mari-Louise Uldbæk | eng |
dc.date.accessioned | 2009-12-07T11:53:53Z | |
dc.date.available | 2009-12-07T11:53:53Z | |
dc.date.issued | 2009-06-10 | eng |
dc.date.submitted | 2009-06-10 | eng |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/1956/3638 | |
dc.description.abstract | Denne avhandlinga handlar om unge politisk aktive eksiltibetanarar og er basert på eit feltarbeid i byen McLeod Ganj i Nord-India våren 2008. Avhandlinga tek for seg korleis dei unge tibetanarane handterer den sterke vektlegginga av einskap i eksil og korleis deira sine meiningar om kampen for Tibet skil seg frå den tibetanske eksilregjeringa, Dalai Lama og resten av det tibetanske eksilsamfunnet. Fokuset i avhandlinga ligg på spenningane som oppstår mellom forventningane i det tibetanske lokalsamfunnet om å vere tibetanarar på ein viss måte, og dei unge politisk aktive eksiltibetanarane sine eigne forståingar av korleis dei ynskjer å leve liva sine.I avhandlinga mi argumenterer eg for at Dalai Lama, buddhismen, aktivitetane rundt tempelet Tsuglakhang og tibetanarane si felles erfaring av å vere i eksil, er dei mest avgjerande faktorane i konstitueringa av einskap i eksil. Men sjølv om fokus på einskap er framtredande, viser eg korleis divergerande meiningar og heterogene tendensar kjem til uttrykk. Dei mest sentrale temaa i avhandlinga er intra-etniske relasjonar, ulike syn på uttrykksformer som demonstrasjonar og lysmarsjar, og ulike syn på omgrepet vald.Med omsyn til etnisitets-tematikken viser et at skiljelinja som vert sett opp mellom ulike medlemmer i det tibetanske eksilsamfunnet ofte har samanheng med grensene mellom tibetanarar og indarar og mellom tibetanarar og kinesarar. Det går med andre ord føre seg ein symbolsk konkurranse om kva som er "autentisk" tibetansk.Særleg basert på empiri frå den intense perioden som fann stad i den tibetanske diasporaen i mars 2008, viser eg vidare at dei unge politiske aktive eksiltibetanarane har andre syn på dei ulike uttrykksformene enn Dalai Lama og den tibetanske eksilregjeringa. Som eg viser i avhandlinga, er lysmarsjen noko alle i det tibetanske eksilsamfunnet kan samlast om og som er med på å styrke fellesskapet. Demonstrasjonane og marsjen til Tibet er i motsetnad til dette med med på å tydeleggjere divergerande syn i det tibetanske lokalsamfunnet.I siste delen av avhandlinga tek eg for meg ulike forståingar av omgrepet vald. Eg argumenterer for at omgrepet vald alltid må problematiserast om ein skal kunne forstå kva slags aktivitetar dei unge politisk aktive tibetanarane er tilhengarar av. For å få fram dei divergerande haldningane til omgrepet vald i den tibetanske diasporaen går eg nærare inn på meiningar som kom fram i samband med marsjen til Tibet og ulike sveltestreik-kampanjar. | en_US |
dc.format.extent | 851083 bytes | eng |
dc.format.mimetype | application/pdf | eng |
dc.language.iso | nno | eng |
dc.publisher | The University of Bergen | eng |
dc.subject | Tibetanarar | nob |
dc.subject | Eksil | nob |
dc.subject | Identitet | nob |
dc.subject | Diaspora | nob |
dc.subject | Etnisitet | nob |
dc.subject | Vald | nob |
dc.subject | Ikkje-vald | nob |
dc.subject | Tibet | nob |
dc.subject | Demonstrasjonar | nob |
dc.title | Mellom einskap og ulikskap. Eit studium av unge politisk aktive eksiltibetanarar i India | eng |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.rights.holder | The author | en_US |
dc.rights.holder | Copyright the author. All rights reserved | en_US |
dc.description.degree | Master i Sosialantropologi | |
dc.description.localcode | SANT350 | |
dc.description.localcode | MASV-SANT | |
dc.subject.nus | 738106 | eng |
dc.subject.nsi | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Sosialantropologi: 250 | nob |
fs.subjectcode | SANT350 | |