Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSekse, Ragnhild Johanne Tveiten_US
dc.date.accessioned2011-12-05T14:19:32Z
dc.date.available2011-12-05T14:19:32Z
dc.date.issued2011-11-22eng
dc.identifier.isbn978-82-308-1859-6 (Printed version)en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/5260
dc.description.abstractMålet med studien var å få kunnskap om og innsikt i korleis det kan opplevast for kvinner å få underlivskreft og korleis desse erfaringane verkar inn på livet i eit langtidsperspektiv. Det var i tillegg eit mål å få fram korleis kvinnene opplevde møtet og samhandlinga med helsepersonell. Studien har eit kvalitativt design beståande av 32 djupintervju med 16 kvinner i alderen 39-66 år. Alle blei intervjua to gonger i perioden 2006-2007. Første intervju blei gjort rett før kvinnene skulle inn til siste kontroll i ei femårig oppfølging og det andre blei gjort eitt år seinare. Studien er forankra i eit fenomenologisk livsverdsperspektiv og meiningsstrukturar kom fram ved hjelp av trinnvis meiningsfortetting. Sentrale teoriperspektiv er forankra i Heidegger sine eksistensialer i forhold til den spesifikt menneskelege veremåte. ”Egentlighet,” ”uegentlighet,” ”befintlighet” og ”tidlighet” var eksistensialer som kom til syne og som igjen blei konkretisert i ulike teoretiske perspektiv. Funna i studien viser at opplevinga av kreftsjukdom var ein livsendrande prosess i kvinnene sine liv. Behandlinga for underlivskreft førte til kroppslege endringar knytt til ei framandkjensle i eigen kropp. Kjensla av eit tomrom i underlivet den første tida etter behandling, heitebyger som gradvis gjekk over til ein endra kroppstemperatur, eit endra seksualliv og ein meir sårbar og uføreseieleg kropp kom til uttrykk. Prosessen med å forstå og forhalda seg til desse endringane, som òg omfatta mange intime og sårbare tema, blei skildra som ein einsam prosess. Kvinnene sakna samtalen med helsepersonell kring desse tema. Dei kroppslege endringane hadde òg eit eksistensielt aspekt som kom til uttrykk mellom anna i ein kroppsleg basert beredskap for tilbakefall eller ny kreftsjukdom. Sjølv om det var stor variasjon i kva grad kreftsjukdomen var tilbakelagt, skulle det lite til for å vekka denne uroa. Dette blei tenkt på og omtalt som ei varig endring. Samtidig hadde det òg kome noko positivt og styrkande ut av det å ha vore gjennom kreftsjukdom. Ei auka takksemd for livet i seg sjølv, å vera meir til stades og i djupare kontakt med livet, og for nokre, ein djupare kontakt med seg sjølv og andre menneske, blei framheva. Ei revitalisering av verdiar kom tydeleg til uttrykk i kvinnene sine liv, sjølv fem og seks år etter behandling for underlivskreft. Variasjonane i forhold til korleis kvinnene hadde kome seg gjennom erfaringane knytt til kreftsjukdomen, blei vidare analysert ut i tre typologiar. Studien viser at å leva som langtidsoverlevar etter underlivskreft handla om å leva vidare med både vanskelege og berikande endringar i livet. Denne kunnskapen kan helsepersonell dra nytte av i oppfølging og i vegleiing av kvinner, både i tida rundt diagnose og behandling, men òg i eit lengre perspektiv knytt til oppfølging på poliklinikken. Studien viser vidare at ein bør styrka den heilskaplege oppfølginga med vektlegging på konkret informasjon og vegleiing i forhold til kroppslege endringar, så vel som psykososiale og eksistensielle aspekt. Å skapa rom og tid for samtale, for eksempel i form av ein sjukepleiepoliklinikk der kvinnene sine forteljingar er utgangspunkt for oppfølging, blir foreslått. Ved å ta utgangspunkt i kvinnene sine forteljingar, som kan vera verdfullt i seg sjølv for den det gjeld, får sjukepleiarar kunnskap og innsikt i kva den enkelte kan trenga i ei eventuell vidare oppfølging.en_US
dc.language.isoengeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.relation.haspartPaper I: Sekse, R. J. T., Raaheim, M., Blaaka, G. & Gjengedal, E. (2010). Life beyond cancer: Women’s experiences five years after treatment for gynaecological cancer. Scandinavian Journal of Caring Sciences, 24(4): 799-807. Full text not available in BORA due to publisher restrictions. The article is available at: <a href="http://dx.doi.org/10.1111/j.1471-6712.2010.00778.x" target="blank"> http://dx.doi.org/10.1111/j.1471-6712.2010.00778.x</a>en_US
dc.relation.haspartPaper II: Sekse, R. J. T., Raaheim, M., Blaaka, G. & Gjengedal, E. (2009). Cancer as a lifechanging process: Women’s experiences five years after treatment for gynaecological cancer. International Journal of Qualitative Studies on Health and Well-being, 4(4): 288-298. Full text not available in BORA due to publisher restrictions. The article is available at: <a href="http://dx.doi.org/10.3109/17482620903211841" target="blank"> http://dx.doi.org/10.3109/17482620903211841</a>en_US
dc.relation.haspartPaper III: Sekse, R. J. T., Raaheim, M., Blaaka, G. & Gjengedal, E. Living through the experience of gynaecological cancer: Three typologies. Full text not available in BORA.en_US
dc.relation.haspartPaper IV: Sekse, R. J. T., Gjengedal, E. & Raaheim, M. Living in a changed female body after gynaecological cancer. Full text not available in BORA.en_US
dc.titleLivet etter underlivskreft. Kvinner sine erfaringar fem og seks år etter behandling for kreftsjukdomen_US
dc.typeDoctoral thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Clinical medical disciplines: 750::Oncology: 762eng
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Clinical medical disciplines: 750::Physical medicine and rehabilitation: 764eng


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel