BORA - UiB

Bergen Open Research Archive

Erfaringar med tiltak for førebygging og handtering av homo- og horerelaterte kallenamn i ungdomsskulen

Bergen Open Research Archive

Show simple item record

dc.contributor.author Slåtten, Hilde
dc.contributor.author Holsen, Ingrid
dc.contributor.author Anderssen, Norman
dc.contributor.author Jensen, Daniel
dc.date.accessioned 2012-05-10T10:03:08Z
dc.date.available 2012-05-10T10:03:08Z
dc.date.issued 2012
dc.identifier.isbn 978-82-7669-131-3
dc.identifier.uri http://hdl.handle.net/1956/5793
dc.description.abstract Rapporten byrjar med å gje ei oversikt over eksisterande kunnskap på områda relatert til bruken av homo- og horerelaterte skjellsord. Denne delen inkluderer blant anna studiar som ser på førekomstar, konsekvensar og moglege årsaker til at ungdom brukar denne type skjellsord. Målet med intervensjonsstudien var å evaluere lærarane og rektorane sine erfaringar med tiltaka frå lærarrettleiinga: ”Nei til ”Homo!” og ”Hore!” i ungdomsskulen” (Slåtten, Anderssen & Holsen, 2009). Tiltaka som vart evaluerte i den føreliggjande rapporten hadde følgjande målsettingar: - At lærarane stiller seg positive til å etablere ein policy om nulltoleranse mot bruken av homo- og horerelaterte kallenamn, samt retningslinjer for korleis lærarane skal handtere bruken av desse typane skjellsord. - At lærarane skal rapportere at dei har betre kompetanse i å slå ned på bruken av homo- og horerelaterte kallenamn, samt at dei kjenner seg betre i stand til å forklare elevane kvifor denne type språkbruk er uakseptabel. - At lærarane i klassen skal ta opp tema som kjønnsrelatert mobbing, homofobisk erting, seksuell trakassering, bruken av homo- og horerelaterte kallenamn, samt konsekvensane av å kalle nokon disse kallenamna. - At lærarane grip inn kvar gong dei høyrer ein elev kalle ein annen elev homo- eller horerelatert kallenamn. Totalt 17 ungdomsskular frå Hordaland, Oslo og Akershus sa ja til å delta i intervensjonsstudien. Lærarane frå intervensjonsskulane vart presentert for ei lærarrettleiing om førebygging og handtering av homo- og horerelaterte skjellsord, og vart vidare oppfordra til å implementere tiltaka dei vart introduserte for ved dei enkelte skulane. Seks av skulane vart trekte til å vere med i kontrollgruppa og vart såleis ikkje presenterte for lærarrettleiinga. Me ba lærarane om å fylle ut eit spørjeskjema i forkant og fire månadar etter at lærarrettleiinga blei presentert. Representantar frå Skeiv Ungdom Bergen og Skeiv Ungdom Oslo /Akershus presenterte lærarrettleiinga. Dei hadde i forkant fått opplæring i å presentere tiltaka. Totalt 283 lærarar deltok i grunnlagsmålinga, medan 114 lærarar deltok i både grunnlagsmålinga og oppfølgjarundersøkinga. Resultat: - Lærarane som var til stades då lærarrettleiinga vart presentert, greip oftare inn når dei høyrde elevar bruke nokre typar homorelaterte, (men ikkje horerelaterte) skjellsord, og fleire lærarar tok opp konsekvensane av å kalle nokon homorelaterte skjellsord etter å ha delteke i intervensjonen. - Intervensjonen førte ikkje til at lærarane syntest dei hadde fått auka kompetanse kring tematikken som vart teke opp i intervensjonen. - Blant lærarane som deltok i intervensjonen, var det ein større del som rapporterte at skulen deira har ein policy om nulltoleranse mot homo- og horerelaterte skjellsord. For å kartleggje i kva grad rektorane hadde implementert tiltaka på skulenivå, og deira erfaringar med tiltaka, vart rektorane ved intervensjonsskulane spurte om å delta i eit telefonintervju. Åtte av dei ti rektorane frå intervensjonsskulane takka ja til å delta. Resultat: - Rektorane hadde i liten grad implementert tiltaket som handlar om å innføre nulltoleranse mot bruken av homo- og horerelaterte skjellsord, og inkludere dette i skulen sin handlingsplan mot mobbing. - Majoriteten av rektorane meinte at det generelle mobbearbeidet var tilstrekkeleg i arbeidet for å førebygge og handtere homo- og horerelaterte skjellsord, og at det ikkje var naudsynt med eigne tiltak som handla spesifikt om homo- og horerelaterte skjellsord. På bakgrunn av denne evalueringa vil me anbefale at ungdomsskular bruker tiltaka for førebygging og handtering av homo- og horerelaterte kallenamn saman med eit allereie etablert anti-mobbeprogram. Vidare vil me anbefale at utviklarar av anti-mobbeprogram inkluderar førebygging og handtering av homo- og horerelaterte kallenamn som ein del av deira anti-mobbe strategi. en
dc.language.iso nno en
dc.publisher The University of Bergen, HEMIL Centre en
dc.relation.ispartofseries HEMIL-report en
dc.relation.ispartofseries 1-2012 en
dc.rights Copyright the authors en
dc.subject Evaluering en
dc.subject Skjellsord en
dc.subject Homofobi en
dc.subject Seksuell trakassering en
dc.title Erfaringar med tiltak for førebygging og handtering av homo- og horerelaterte kallenamn i ungdomsskulen en
dc.type Research report en
dc.subject.nsi VDP::Social science: 200::Education: 280::General education: 281 en


Files in this item

 

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Search BORA


Browse

My Account