BORA - UiB

Bergen Open Research Archive

Samanlikning av det grøne sertifikatsystemet i England/Wales og Sverige

Bergen Open Research Archive

Show simple item record

dc.contributor.author Heimvik, Arild
dc.date.accessioned 2012-10-25T07:06:39Z
dc.date.available 2012-10-25T07:06:39Z
dc.date.issued 2012-05-29
dc.date.submitted 2012-05-29 eng
dc.identifier.uri http://hdl.handle.net/1956/6146
dc.description.abstract Problemstillinga for oppgåva har vore: Ei samanlikning av det grøne sertifikatsystemet i England/Wales og Sverige. Korleis vil den spesielle fondsordninga med fokus på dei kvotepliktige leverandørane, slå ut på virkemåten til det britiske elsertifikatsystemet, i forhold til det svenske? Analysen har gått føre seg ved bruk av ein teoretisk analytisk modell som tek for seg oppbygginga og virkemåten til eit grønt sertifikatsystem. Basetilfellet var ei analyse av den svenske ordninga. Ved å modifisere modellen for å ta omsyn til den særeigne britiske fondsordninga og tilpassing frå leverandørane, utførde eg ein ny analyse for å sjå korleis det britiske sertifikatsystemet oppførde seg i forhold til det svenske. Eg utarbeida og ein enkel numerisk modell, på grunnlag av den teoretiske modellen. Denne vart brukt for sjå litt kva ein kunne forvente seg av analysen av det britiske sertifikatsystemet. I drøftinga, samanlikna eg resultata frå analysane, og såg samstundes kort på prestasjonen til sertifikatsystema, ut i frå dei fastsette målsetningane. Gjennom analysen fann eg at det meir komplekse britiske sertifikatsystemet ikkje makta å produsere fleire klare resultat enn det meir forenkla svenske systemet. Tvert i mot. I det svenske systemet fann eg at den svarte elektrisitetsproduksjonen ville gå ned, ved ei auke i kvotekravet. I det britiske systemet var det opphavleg ikkje mulig å trekke nokon sikre konklusjonar. Først når eg gjorde ekstra antakingar, var det mulig å sei noko ut i frå resultata mine. Men sjølv då, var det ikkje mulig å sei noko meir enn det eg kunne frå den svenske analysen. Ingen av sertifikatordningane kunne heller garantere at auke i dei myndigheitsstyrte parametrane i modellen ville garantere ei auke i grøn elektrisitetsproduksjon. Modellane mine viste og andelen grøn elektrisitet ville være mindre i den britiske ordninga, ved at marginalkostnadskurva for elektrisitet innehaldt ein lågare andel grøn elektrisitet enn det som var tilfellet i det svenske ordninga. Eg såg og at i likevekt, ville både tilbod og etterspurnad være lågare i den britiske sertifikatmarknaden, i forhold til det svenske. Den meir komplekse britiske sertifikatordninga såg ikkje ut til å prestere betre i den teoretiske analysen. Når det gjaldt korleis sertifikatsystema har prestert i forhold til skisserte målsetningar, var og det generelle inntrykket at det svenske systemet kom betre ut. I arbeidet med oppgåva, nytta eg programma Excel og Scientific Workplace for å behandla likningane i den enkle numeriske modellen. eng
dc.format.extent 405398 bytes eng
dc.format.mimetype application/pdf eng
dc.language.iso nno eng
dc.publisher The University of Bergen eng
dc.rights Copyright the author. All rights reserved eng
dc.title Samanlikning av det grøne sertifikatsystemet i England/Wales og Sverige eng
dc.type Master thesis eng
dc.type.degree Master eng
dc.type.course ECON390 eng
dc.subject.archivecode Mastergrad eng
dc.subject.nus 734103 eng
dc.type.program MASV-SØK eng


Files in this item

 

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Search BORA


Browse

My Account