Jente–hest-kameratskap på tvers av artar: Hesteboka i økokritisk perspektiv
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2019Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Design [13]
- Registrations from Cristin [10842]
Original version
Barnelitterært forskningstidsskrift. 2019, 10 (1). https://doi.org/10.18261/issn.2000-7493-2019-01-11Abstract
Hestebøker er ein populær kategori tekstar i barne- og ungdomslitteraturen. Dei tematiserer barn og unges relasjonar til hestar i eit vennskaps- og modningsperspektiv. Spørsmålet er om hesteboka også kan utfordre eit antroposentrisk perspektiv på verda. Som del av arbeidet i forskargruppa NaChiLitCul ved Høgskulen på Vestlandet undersøker eg i denne artikkelen den illustrerte hesteboka Sommeren med Sigge (2014) av svenske Lin Hallberg (tekst) og Margareta Nordqvist (illustrasjonar), med særleg fokus på relasjonen mellom jente og hest som kameratar på tvers av artar: «Companion species is a permanently undecidable category, a category-in-question that insists on the relation as the smallest unit of being and of analysis» (Haraway, 2008, s. 165). Målet er å lokalisere og nærlese delar av teksten som eksempel på samband mellom menneske og natur, og spørre korleis dette sambandet er framstilt. Korleis kan dialogen jente–hest forståast som ein antroposentrisk dialog, eller korleis kan den eventuelt problematisere eit mogleg dominant arts-hierarki, og gjennom det skape økokritisk medvet? Studien er informert av problemstillingar frå posthumanistisk teori (Haraway, 2008; Willett, 2014). Pony fiction are popular texts within literature for children and young adults. They thematise children and young adult’s relations to horses in a perspective of friendship and maturing. A question is whether and how pony fiction might make us revise our anthropocentric perspectives on the world. As part of the work in the NaChiLitCul research group at Western Norway University of Applied Sciences, this article examines the illustrated pony fiction Sommeren med Sigge (2014) by Swedish Lin Hallberg (text) and Margareta Nordqvist (illustrations), focusing on the relationship of the girl to the horse as companion species: «Companion species is a permanently undecidable category, a category-in-question that insists on the relation as the smallest unit of being and of analysis» (Haraway, 2008, p. 165). The aim is to localize and to conduct close reading of parts of the text focusing on the human – horse – nature relationship, asking how this relationship is depicted. How can we understand the girl – horse dialogue as an anthropocentric dialogue, or how might the dialogue problematize a possible dominant species hierarchy, and thus create interspecies awareness? The analysis is informed by questions from posthumanist theory (Haraway, 2008; Willett, 2014).