Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKleiven, Ragnhild Fimreite
dc.date.accessioned2021-06-22T00:04:44Z
dc.date.available2021-06-22T00:04:44Z
dc.date.issued2021-06-02
dc.date.submitted2021-06-21T22:00:23Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2760489
dc.description.abstractFøremålet med denne studien har vore å analysere bruken av engelske uttalevariantar i dei tre Star Wars trilogiane, for å finne potensielle systematiske korrelasjonar mellom karakterane sin aksent, og deira karaktertrekk. Slike korrelasjonar kan avdekke bakanforliggande haldningar til ulike uttalevariantar, og dermed seie noko om korleis samfunnet ser på og behandlar ulike aksentar. Den aller første Star Wars-filmen vart utgjeven i 1977, og den nyaste filmen kom i 2019. Dette store tidsspennet mellom dei ulike trilogiane gjer Star Wars- filmane unike i sitt slag. I tillegg til å undersøkje korrelasjonar mellom aksent og karaktertrekk, ser denne oppgåva også på potensielle endringar i framstillinga av ulike aksentar, og om filmane over tid har blitt meir mangfaldige og inkluderande, i tråd med samfunnsmessige endringar dei siste 50 åra. Forsking tyder på at haldningar til språk blir forma tidleg i livet, gjennom blant anna opplevingar, media og personane ein har rundt seg (Garrett, Coupland, and Williams 2003). Star Wars trilogiane har blitt sett over heile verda, av folk i alle aldrar, og har vakse til å bli eit enormt populært univers. Filmane spelar potensielt ei viktig rolle i sosialiseringsprosessen til barn og unge, og er dermed ein påverknadsfaktor til haldningane dei utviklar. Måten ulike aksentar og lingvistiske grupper blir framstilt på i media og film er difor sentral for korleis dei blir oppfatta i samfunnet, og kan ha stor påverknad på korleis språkbrukarar ser på seg sjølve. Analysen av filmane viser at somme korrelasjonar mellom uttalemåte og karaktertrekk kan identifiserast i Star Wars-filmane, særleg når det gjeld kor sofistikert ein karakter er, kor stor rolle den har i filmane, samt om den er god eller vond. I tillegg kan ein sjå at ei endring har funne stad mellom den første trilogien og den siste, men det var til dels ikkje den endringa som var forventa. Filmane har utvilsamt blitt meir inkluderande når det gjeld etnisitet og kjønn, men har bevega seg i motsett retning når det gjeld språkleg mangfald, då standard britisk og standard amerikansk dominerer meir enn nokon sinne i den nyaste trilogien. Standard britisk har særleg hatt ei drastisk auke, medan bruken av standard amerikansk har minka. Ein kan spekulere i at grunnen til den store auka av standardaksentar, og då særleg britisk, er fokuset på politisk korrektheit i samfunnet, samt at desse moglegvis er lettare å forstå for eit internasjonalt publikum enn regionale og sosiale uttalevariantar. Samstundes kan ein hevde at lite mangfald av ulike uttalevariantar potensielt kan vere negativt for dei språkbrukargruppene som ikkje ser seg sjølve representerte i media og film.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectsocietal treatment study
dc.subjectStar Wars
dc.subjectEnglish accents
dc.subjectfilm and television
dc.subjectLanguage attitudes
dc.titleMay the Accent Be with You: An attitudinal study of language use in the Star Wars trilogies
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-06-21T22:00:23Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgåve
dc.description.localcodeENG350
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel