Fantasyromane als Bildungsromane- Lesen als Weg zur Bildung bei Meggie und Bastian aus Tintenherz und Die unendliche Geschichte.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2762648Utgivelsesdato
2021-06-02Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [225]
Sammendrag
Fantasybøkene Blekkhjerte av Cornelia Funke og Den uendelige historie skrevet av Michael Ende er begge barne- og ungdomsromanar, men skal i denne oppgåva også sjåast på som danningsromanar. I forteljingane møter me to protagonistar, Meggie og Bastian, som på kvar sin måte blir forma både av det miljøet som dei veks opp i og den fantastiske verda dei møter på. Bøker spelar ei stor rolle for begge to, blant anna lærar dei om mot og styrke, og dei får kunnskap om korleis dei kan handtere ulike situasjonar gjennom kunnskap dei har fått frå forteljingar. I tillegg til danning meir generelt vil difor lesing og lesinga si betydning for danninga belysast særskilt i denne masteroppgåva. Viktig blir det difor å undersøkje lese- og forteljarferdigheita til protagonistane Meggie og Bastian nærare. Både Meggie og Bastian utviklar ein eller fleire eigenskapar gjennom konfrontasjon med det som dei møter på i den reelle verda samt den fantastiske verda. Difor er interesseområde for oppgåva, korleis ein kan sjå på fantasyromanar som danningsromanar, korleis «danning» kjem til syne, samt kva avgjersle protagonistane tar som er relevante for danning hjå unge lesarar. Målet med oppgåva er å få generell innsikt i korleis tema og ulike motiv frå fantastisk barne- og ungdomslitteratur kan bidra til læringsprosessar blant unge lesarar. Med hjelp frå Carsten Gansel (2010) sitt spørjeskjema, som omhandlar korleis ein kan analysera figurar gjennom ulike spørsmål, skal eg gjennomføre ein figuranalyse med vekt på psykologiske utviklings- og danningsprosessar. Sentrale omgrep som danning, fantasi, det fantastiske samt sjangrar som dannings- og utviklingsroman vert nærare definert og diskutert. Analysen vil slik syne korleis dei to romanane både skil seg frå kvarandre og samstundes har mange like trekk, til tross for dei over 20 åra som ligg mellom dei to publikasjonane.