• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Chemistry
  • Master theses
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Chemistry
  • Master theses
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

«Okei, hvilken konklusjon kan vi trekke ut fra det?» Ein kvalitativ studie av kjenneteikn ved lærars bruk av spørsmål og innspel i utforskande gruppediskusjonar

Bjørnereim, Lauritz André Søvik
Master thesis
Thumbnail
View/Open
master thesis (856.1Kb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/2770615
Date
2021-06-01
Metadata
Show full item record
Collections
  • Master theses [41]
Abstract
Å vere lærar i dagens klasserom inneber i langt større grad enn før å la elevane vere aktive deltakarar i eiga læring. Dette medfører at læraren i si undervisning kjem i direkte dialog med elevar, og at det læraren gjer i desse situasjonane får ei stor betyding for elevane si læring. Denne studien har som mål å identifisere og å seie noko om kjenneteikn ved læraren sine spørsmål og innspel til elevane i situasjonar der dei deltar i utforskande gruppediskusjonar. Prosjektet er ein kvalitativ studie som baserar seg på transkriberte lydopptak på 8-10. trinn ved ungdomsskular i Bergensområdet. Lydopptaka som er nytta i studien er ein del av forskingsprosjektet ARGUMENT. Fire situasjonar har blitt analysert, og tolka i lys av teori om utforskande arbeidsmåtar og scaffolding. Funna viser at lærarane gjev elevane støtte basert på kva nivå dei er på, og at rettleiinga til lærarane både kan fungere på måtar som lar elevane klargjere eiga tenking, og i nokre tilfelle også bidrar til at elevane når eit høgre nivå. I tillegg viser funna at lærarane kan ha andre perspektiv for rettleiinga dei gjev elevane. Vidare går det fram at forskjellige utgangspunkt og behov frå elevane før rettleiing frå lærar, fører til forskjellige mønster i rettleiinga. Dette gjev implikasjonar for undervisning, blant anna korleis lærar til stadigheit bør vere fokusert på å formulere spørsmål og innspel som utfordrar elevane til å nå eit høgre nivå dersom dette er målet med rettleiinga.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the Author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit