Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjørnereim, Lauritz André Søvik
dc.date.accessioned2021-08-21T00:00:30Z
dc.date.available2021-08-21T00:00:30Z
dc.date.issued2021-06-01
dc.date.submitted2021-06-28T22:00:11Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2770615
dc.description.abstractÅ vere lærar i dagens klasserom inneber i langt større grad enn før å la elevane vere aktive deltakarar i eiga læring. Dette medfører at læraren i si undervisning kjem i direkte dialog med elevar, og at det læraren gjer i desse situasjonane får ei stor betyding for elevane si læring. Denne studien har som mål å identifisere og å seie noko om kjenneteikn ved læraren sine spørsmål og innspel til elevane i situasjonar der dei deltar i utforskande gruppediskusjonar. Prosjektet er ein kvalitativ studie som baserar seg på transkriberte lydopptak på 8-10. trinn ved ungdomsskular i Bergensområdet. Lydopptaka som er nytta i studien er ein del av forskingsprosjektet ARGUMENT. Fire situasjonar har blitt analysert, og tolka i lys av teori om utforskande arbeidsmåtar og scaffolding. Funna viser at lærarane gjev elevane støtte basert på kva nivå dei er på, og at rettleiinga til lærarane både kan fungere på måtar som lar elevane klargjere eiga tenking, og i nokre tilfelle også bidrar til at elevane når eit høgre nivå. I tillegg viser funna at lærarane kan ha andre perspektiv for rettleiinga dei gjev elevane. Vidare går det fram at forskjellige utgangspunkt og behov frå elevane før rettleiing frå lærar, fører til forskjellige mønster i rettleiinga. Dette gjev implikasjonar for undervisning, blant anna korleis lærar til stadigheit bør vere fokusert på å formulere spørsmål og innspel som utfordrar elevane til å nå eit høgre nivå dersom dette er målet med rettleiinga.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.title«Okei, hvilken konklusjon kan vi trekke ut fra det?» Ein kvalitativ studie av kjenneteikn ved lærars bruk av spørsmål og innspel i utforskande gruppediskusjonar
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-06-28T22:00:11Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i kjemi
dc.description.localcodeKJEM399K
dc.description.localcodeMAMN-KJEM
dc.subject.nus752299
fs.subjectcodeKJEM399K
fs.unitcode12-31-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel