Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFørde, Eirik
dc.date.accessioned2021-10-01T08:10:05Z
dc.date.available2021-10-01T08:10:05Z
dc.date.issued2021-06-15
dc.date.submitted2021-07-01T22:00:35Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2786881
dc.descriptionRevised version: minor formatting - and spelling errors corrected.en_US
dc.description.abstractFormålet med denne masteroppgåva har vore å få eit innsyn i kva som kjenneteikner samtalar mellom lærarar og elevar i klasserommet. Datamaterialet som utgjer grunnlaget for analysen er samla inn frå tre undervisningstimar på 8.trinn med felles tilarbeiding av fagstoff og gruppearbeid knytt til nedbør. Situasjonane som eg har analysert er samtalar mellom lærarar og elevar, både under heilklasseundervisning og under gruppearbeid, men det er ikkje fokusert på reine elevsamtalar. Problemstillinga som masteroppgåva tek utgangspunkt i er kva som kjenneteiknar samtalar mellom lærar og elevar i felles tilarbeiding av fagstoff. Denne problemstillinga har eg valt å avgrense med følgjande to forskingsspørsmål: kva grep nyttar lærar seg av for å aktivere elevar i klasseromsamtalen, og om ein kan sjå forskjellar i samtalar mellom lærar og ei gruppe med elevar og samtalar i plenum. Resultata frå analysen peikar på fire trendar i samtalen mellom lærarar og elevar: Lærar ventar med å evaluere elevsvar, lærar omformulerer spørsmål ofte, invitasjon til deling av idear gjer at fleire elevar er med i samtalen og mykje av samtalen mellom lærar og elev følgjer eit fast mønster (IRE-strukturen). Når det gjeld spørsmålet om der er forskjellar mellom samtalar i plenum og samtalar i grupper, så er der ein tydeleg forskjell i datamaterialet. Lærarar etterspør innspel frå elevane som ligg på eit høgare nivå av kunnskapar (refleksjon, hypoteser og samanlikningar) i plenumssituasjonar, og innspel som går på meir konkrete ferdigheiter (utrekning, metode, definisjonar) i gruppesituasjonar. Elles er det ikkje observert markante forskjellar, då det ikkje var like mange gruppesamtalar å analysere som samtalar i plenum.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.title«Er det nokon som har tolka dette annleis?» - Ein kvalitativ studie av samtalar mellom lærar og elevar under felles tilarbeiding av fagstoffen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2021-07-01T22:00:35Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i kjemi
dc.description.localcodeKJEM399Ken_US
dc.description.localcodeMAMN-KJEMen_US
dc.subject.nus752299
fs.subjectcodeKJEM399K
fs.unitcode12-31-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel