"... men ble stående ansikt til ansikt i time etter time". Norske NPN-konstruksjonar
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Maal og Minne. 2021, 113 (1), 65-98.Abstract
Ein NPN-konstruksjon består av eit teljeleg substantiv i ubestemt eintal følgt av ein preposisjon følgd av det same substantivet i ubestemt eintal, som ansikt til ansikt og time etter time. Stundom har konstruksjonen modifiserande tillegg, som i kasse på kasse med flasker og vegg i vegg med badet. NPN-konstruksjonar har vore diskuterte ein del i seinare år, framfor alt basert på engelsk materiale, men knapt noko om norsk. Artikkelen går først inn på nokre moment frå tidlegare forsking og den analysen som blir lagd til grunn. Basert på eit stort materiale frå Leksikografisk bokmålskorpus blir det så undersøkt kva modifiserande (i hovudsak adverbiale) og nominale syntaktiske funksjonar NPN-konstruksjonar har i norsk. Vidare blir produktiviteten til konstruksjonar med ulike preposisjonar undersøkt. Fokuset ligg på uttrykk med dei åtte preposisjonane etter, for, i, mot, om, på, til og ved. Nokre av preposisjonane førekjem nesten berre i adverbial, men andre er vanlege i nominale funksjonar òg. NPN-konstruksjonar med etter, på, for og til dels mot viser høg produktivitet, mens dei andre er lite produktive.