Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAarø, Ane Faugstad
dc.date.accessioned2021-12-17T00:47:50Z
dc.date.available2021-12-17T00:47:50Z
dc.date.issued2021-11-23
dc.date.submitted2021-12-16T23:00:10Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2834805
dc.description.abstractDenne oppgåva utforskar omgrepet narrativ identitet i Rhys sine to mellomkrigsromanar Good Morning, Midnight og Voyage in the Dark ved hjelp av Paul Ricœur sin teori om narrativ identitet i Oneself as Another (1994 [1992]). Gjennom å analysere bruken av temporalitet, minner, og indre monolog viser oppgåva korleis protagonistane sin narrative identitet er definert av historiske og geografiske samanhengar. Eit føremål i oppgåva er å vise korleis romanane presenterer protagonistane som historisk situerte litterære karakterar. Det historiske aspektet ved protagonistane dannar bakgrunnen for den politiske og ideologiske kritikken i romanane. Oppgåva argumenterer for at dei to romanane skapar narrative situerte subjekt ved ei samanfletting av fortid og notid i som avdekkjer eit topos og ei historie frå Vestindia og Paris, som den staden som det blir tala frå. Gjennom denne samanflettinga av notid og fortid dannar protagonistane sin narrative subjektivitet og si livshistorie. Oppgåva analyserer om romanane sine ulike stemmer i den indre monologen fungerer som ein mot-diskurs til det sosiale systemets maktstrukturar i språk og normer. Stemmene representerer ein motstand mot samfunnets maktspråk ved å nytte eit overskridande språk som handlar om den marginaliserte, migranten eller den utstøytte sitt perspektiv. Oppgåva søkjer å vise korleis romanane skaper eit samband mellom stadar, minner og identitet som saman formar protagonistane sin narrativ identitet. Difor viser analysen korleis romanane vektlegg forholdet mellom politiske forhold og identitet, og korleis identitet er betinga av stadar i narrativa. Oppgåva argumenterer for at protagonistane sine brotne narrative identitetar blir skapt av minner, draumar og stadar som setting og topos. Framstillinga av den indre monologen i romanane der protagonistane søkjer å skape meining i livet, gjer at ei lesing ved hjelp av omgrepet narrativ identitet utdjuper protagonistane sine ulike historiske kontekstar.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleNarrative Identity in Jean Rhys’s Good Morning, Midnight and Voyage in the Dark: A Hermeneutical Interpretation.
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-12-16T23:00:10Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgåve
dc.description.localcodeENG350
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel