Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSolheim, Lene Torheim
dc.date.accessioned2022-02-15T11:29:16Z
dc.date.available2022-02-15T11:29:16Z
dc.date.issued2021-11
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2979067
dc.description.abstractI nyare tider har filmar og TV-seriar ofte blitt brukt av forskarar som utforskar språkhaldningar, særleg i samband med haldningar til forskjellege uttalevariantar. Samstundes, innan autentisk språk, har forskarar undersøkt korleis kompliment og fornærmingar heng saman med stereotypar, som til dømes dei relatert til kjønn. Føremålet med denne masteroppgåva er å utforske møtepunktet mellom desse to tilnærmingane: å utforske korleis kjønnsstereotypar vert reflekterte gjennom kompliment og fornærmingar i Amerikanske TV-seriar. Denne studien analyserer den evaluerande åtferda, det vil seie komplimenta og fornærmingane, til tenåringane i TV-seriane 13 Reasons Why og Riverdale ved å ta i bruk både ei kvalitativ og kvantitativ tilnærming til datamaterialet. Det kvalitative aspektet ved analysen er todelt, kor det første gjekk ut på å identifisere og organisere evalueringane i passande kategoriar, og det andre gjekk ut på å analysere dei i lys av eksisterande kjønnsstereotypar. Før evalueringane kunne analyserast, måtte dei, derimot, teljast og kvantifiserast, som ugjorde det kvantitative aspektet ved studien. Analysen viser at tenåringskarakterar i TV-seriane ikkje viser heilt lik evaluerande åtferd som menneske i studiar av autentisk språk, som til dømes at det er skilnadar mellom åtferda knytt til kompliment og fornærmingar i 13 Reasons Why og Riverdale, noko som antydar at evaluerande åtferd har ein spesiell funksjon i fiktiv diskurs. I tillegg viser analysen at komplimenta og fornærmingane i seriane reflekterer stereotypar som knyt omsorg og seksuell reinleik til femininitet og det å vere muskuløs og omsynslaus til maskulinitet.en_US
dc.language.isoengen_US
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.titleEvaluative Moves in 13 Reasons Why and Riverdale. A Discourse Analysis of Gender Differencesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserveden_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel