Politisk bruk av ekspertise. Ein studie i korleis ekspertisen til smittevernoverlegen vart nytta i Oslo og Bergen kommunar under covid-19-pandemien
Master thesis
View/ Open
Date
2022-06-15Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Government [473]
Abstract
Når samfunnet står overfor ei akutt krise prega av både høg uvisse og stort tidspress - som under covid-19-pandemien - vender politikarar seg ofte til ekspertar for å få hjelp og sikre legitimitet til avgjerder og handlingar. Men sjølv i slike ekstreme situasjonar kan politikarar nytte seg av ekspertar og ekspertise på svært ulike måtar.
Målet med denne oppgåva har vore å beskrive korleis ekspertisen til smittevernoverlegen vart nytta av politikarane under covid-19-pandemien i Oslo og Bergen. Inspirasjonen til oppgåva fann eg i at samarbeidet mellom smittevernoverlegen og politikarane var tilsynelatande problemfritt i Oslo, medan det i Bergen var ein merkbar konflikt i den første tida pandemien herja. Eg har difor samanlikna dei to kommunane i ein kvalitativ deskriptiv most-similar case-studie, frå dei to kommunane sette kriseleiing då pandemien var eit faktum i Noreg, og fram til Solberg-regjeringa si første gjenopning 7. april 2021.
Med utgangspunkt i Carol Weiss, Christina Boswell og Falk Daviter sine teoriar og perspektiv på politisk bruk av kunnskap i organisasjonar, er det i denne studien utvikla to perspektiv; eit kunnskapsdrive instrumentelt perspektiv og eit kunnskapsdrive institusjonelt perspektiv. Dei to perspektiva speglar ulike forventningar til kven som er legitime kunnskapsleverandørar, korleis samarbeidet mellom politikk og ekspertise går føre seg, og kor tungt premissa frå kunnskapsleverandørane veg når politiske avgjerder skal takast.
Funna viser at behovet for å søkje etter ekspertise for å underbyggje politikk eller forsvare avgjerder og handlingar kan vere vanskeleg å få auge på når det er generell semje i organisasjonen og lite behov for å søkje legitimitet frå omgjevnadene. Det er desto lettare å oppdage når der er element av konflikt i organisasjonen, og når problemet eller løysinga vert oppfatta ulikt av aktørane.
Description
Revised version. Minor spelling errors corrected.