Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorÅrmot, Ingrid Haugsvær
dc.date.accessioned2022-08-18T23:50:50Z
dc.date.available2022-08-18T23:50:50Z
dc.date.issued2022-06-01
dc.date.submitted2022-08-18T22:00:15Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3012600
dc.description.abstractSmarttelefonen er ein integrert del av kvardagslivet vårt og me brukar den til fleire praktiske formål, og upraktiske. I kvardagen blir smarttelefonen hylla fordi den har fleire bruksområder, men samtidig kan den bli slakta for evne si til å forstyrre merksemda vår, eller forstyrre andre som irriterer seg over andre sin bruk i situasjonar dei skulle helst vore forutan. Denne masteroppgåva prøvar å kome med eit bidrag til studiar om smarttelefonbruk i eit medieerfaringsperspektiv. Med inspirasjon frå irritasjonen enkelte publikummarar uttrykkjer i kronikkar og lesarinnlegg om andre publikummarar sin bruk av smarttelefonen gjennom ein heil konsert, undersøkar denne oppgåva korleis unge vaksne frå alderen 20 til 26 år brukar smarttelefonen i ein konsertsamanheng. Ved å utføre deltakande observasjon av konsertane til Daniel Kvammen og Kjartan Lauritzen på USF Verftet i Bergen, etterfølgt av kvalitative intervju i etterkant av utvalde publikummarar, prøvar denne oppgåva å svare på korleis smarttelefonen er ein del av ei medieerfaring av å reise på konsert. I eit medieerfaringsperspektiv undersøker oppgåva korleis informantar brukar smarttelefonen på konsertane til Daniel Kvammen og Kjartan Lauritzen. Altså kva tar dei bilete og videoar av? Kvifor deler dei bileta og videoane med andre? Kva slags betydingar har det for informantane å dele konsertbileta og -videoane? Funna i analysen kan indikere at informantane ikkje er opptekne av å bruke smarttelefonen heile tida på konsertane til Daniel Kvammen og Kjartan Lauritzen ettersom det kan forstyrre ein tilstand av flow. Likevel brukte informantane smarttelefonen for å ta bilete og videoar av konsertane, og med tanke på at smarttelefonen kan verke å vere naturalisert i liva til informantane i den grad at dei ikkje tenkjer over bruken lengre, kan det tyde på at smarttelefonen er ein del av flowen. Naturaliseringa av smarttelefonen i liva til informantane kan også gjere det naturleg for dei å dele bileta og videoane med andre om at dei opplev noko utanom det vanlege i kvardagen, og dei informantane deler med er i hovudsak vener og familie. Å dele bilete og videoar frå konsertane kan ha ein verdi ved at det opnar opp for at dei kan halde ved like eksisterande forhold og pleie nære relasjonar som informantane ikkje ser så ofte i kvardagen.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectSmarttelefon
dc.subjectsosiale media
dc.subjectsosial stelling
dc.subjectInstagram
dc.subjectKjartan Lauritzen
dc.subjectmusikk
dc.subjectlivemusikk
dc.subjectDaniel Kvammen
dc.subjectmedieerfaring
dc.subjectinkorporering
dc.subjectfenomenologi
dc.subjectsmarttelefon
dc.subjectSnapchat
dc.subjectparticipatory performance
dc.subjectkonsert
dc.subjectkonvertering
dc.subjectambivalente forhold
dc.subjectflow
dc.subjectdomestisering
dc.titleSmarttelefonen som ein del av konsertopplevinga
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2022-08-18T22:00:15Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i medier og kommunikasjon
dc.description.localcodeMEVI350
dc.description.localcodeMASV-MEVI
dc.subject.nus735116
fs.subjectcodeMEVI350
fs.unitcode15-17-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel