Haldningar og oppfatningar av haldningar til å inkludere muslimske minoritetar
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Government [482]
- Registrations from Cristin [10818]
Abstract
Politikarar, journalistar og forvaltningstilsette er meir liberale i spørsmål om innvandring og inkludering av minoritetar enn befolkninga elles. Betyr det at dei også vurderer opinionen som meir liberal enn den faktisk er? Surveyspørsmål om inkludering av muslimske minoritetar har blitt stilt til desse fire ulike gruppene i ei koordinert datainnsamling. Halvparten av utvala har blitt spurde om si eiga meining, medan den andre halva vart bedt om å vurdere opinionen. Resultata viser at medborgarane som forventa projiserer, men det er ikkje tilfelle for politikarane, journalistane og dei forvaltningstilsette. Desse liberale undergruppene har ei realistisk oppfatning av opinionen, trass i at dei sjølve meiner noko anna enn fleirtalet.