Suksessfaktorar og utfordringar ved internasjonal mobilitet for yrkesfag: Ein casestudie av Voss vidaregåande skule
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3073827Utgivelsesdato
2023-06-02Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [117]
Sammendrag
Samandrag Denne oppgåva ser på ulike suksessfaktorar innan internasjonal mobilitet for elevar innan yrkesfag. EU har prioritert mobilitet for yrkesfag heilt fram til 2020. Det var viktig for EU at mobilitet blant folk i Europa var stor slik at kompetansen kunne flyttast der det var bruk for den. Oppgåva er ein «in-depth» case studie der ein har intervjua tre ulike nivå på skulen. Rektor som har det øvste pedagogiske og administrative ansvaret. Avdelingsleiar som arbeider mot lærarar som førebur elevar som skal ut i mobilitet og til slutt ei gruppe med 3 elevar som var i arbeidspraksis i Spania – Pyreneene i lag hausten 2022. Studien er ein «down-top» studie der ein får sett kva resultatet og kvaliteten på dei internasjonale prosjekta har å seie for den einskilde elev. Elevane si stemme er viktig i denne studien. Deira mål og visjon for internasjonal erfaring er ikkje alltid eins med dei ulike administrative nivåa innan utdanningspolitikk i Europa. På bakgrunn av dette har ein sett på. Det er 4 faktorar som vert sett på og drøfta og det er: • Forankring av det internasjonale arbeidet hjå leiinga (les rektor) • Forankring av det internasjonale arbeidet hjå dei tilsette • Avsette ressursar til stilling som internasjonal koordinator • Kvalitet på dei internasjonale prosjekta sett i lys av elevane sine erfaringar Desse momenta vert ikkje sett opp mot kvarandre men meir at dei er gjensidig avhengig av kvarandre. Det å definere internasjonalisering i vidaregåande skule som «modne» prosjekt. Det at dei er internalisert og ein naturleg del av utviklinga på skulen er ein viktig faktor. Drivkrafta i arbeidet er ein rektor som er pådrivar, tilsette som ser verdien av arbeidet og nøgde ungdomar som kjem heime med stor personleg bagasje etter praksis i Europa. Ein skulle sett meir av slik forsking i Europa. Ein skulle fått fram narrativ frå fleire delar av Europa som ein kunne samanlikne, og at det kunne gje momentum for det vidare internasjonale arbeidet på dei øvrige administrative plana heilt opp til EU kommisjonen.