Harm reducing and preventative regulation : Implemented by authorities or gamblers
Doctoral thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3104745Utgivelsesdato
2023-11-30Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Majoriteten av vaksne i Norge deltek i pengespel. Nokon kjem til å vinne, men fleire vil tape. Nokon kan vere i risiko eller allereie er blitt problemspelarar. Risiko og problemspelarar opplever på ulikt vis alvorleg skade frå pengespel, t.d. økonomisk, juridisk, helsemessig, i forholdet til andre personar som familie, vennar og kollegar, til arbeid, utdanning og på livskvalitet. Frå litteratur er eit forsiktig estimat at seks andre personar blir påverka for kvar problemspelar. Fleire tiltak blir brukt for å førebygge speleproblem. I ei folkehelsetilnærming kan myndigheiter avgrense tilgjenget til spel med høgare risiko for skadeleg speling. I tillegg kan den einskilde spelar bruke andre tiltak, her kalla ansvarlegheitstiltak eller tiltak for forbrukarvern, for å kontrollere si eiga speling, t.d. ved å bruke verktøy for å sette personlege tapsgrenser. Denne avhandlinga omfattar tre studiar som har undersøkt ulike aspekt ved førebyggingstiltak brukt av myndigheiter og spelarar. Alle studia var basert på tverrsnittsdata samla inn frå representative utval i den norske befolkninga.
Målet med Studie 1 var å undersøke i kva grad spelarar trur at ulike ansvarlegheitstiltak vil hjelpe dei til å kontrollere si eiga speling. Målet med Studie 2 var å undersøke om to store endringar i den norske spelemarknaden førte til endringar i speleåtferda. Den første endringa omfatta eit forbod mot speleautomatar i 2007 med ei påfølgande utplassering av nye spelterminalar. Den andre endringa gjaldt ein introduksjon av nye regulerte interaktive nettspel i 2014 med føremål å kanalisere spelarar frå utanlandske nettsider utan norske løyve. Målet med Studie 3 var å undersøke den faktiske bruken blant spelarar av tiltak for å regulere personleg speleåtferd.
Studie 1 brukte data innsamla i 2013 og 2015, og spelarane vart spurde om dei var einige eller ikkje i at ti spesifikke tiltak ville hjelpe dei med å kontrollere eiga speling. Mellom 35% og 42% var verken samde eller usamde, men blant dei med ei meining var dei fleste samde. Ei multippel regresjonsanalyse identifiserte prediktorar for positiv tru på tiltak, til dømes kvinneleg kjønn, ung alder, berre å spele tilfeldigheitsspel og å vere ein moderat risiko- eller problemspelar. Positiv tru på tiltaka kan gjenspegle at spelarar har behov for meir spesifikke tiltak for å førebygge speleproblem. Negativ tru kan kome frå eit ønske om å spele utan hindringar, å ta risiko eller stole på sjølvkontroll. Studie 2 brukte data frå spørjeundersøkingar frå 2005 til og med 2018. Respondentane vart kvart år spurde om dei hadde delteke i ulike spel. Logistiske regresjonsanalysar vart brukt til å predikere deltaking i grupper av spel og om endringar falt saman i tid med dei store marknadsendringane. Med den første endringa blei det sett ein stor reduksjon i speling på speleautomatar og ein reduksjon i deltaking i spel totalt sett. Resultata viste ein liten auke i kvinneleg deltaking i spel i landbaserte bingolokale og generelt i spel på utanlandske nettstader. Nokon spelte også på dei nye spelterminalane. Desse endringane i speldeltaking var likevel mykje mindre enn reduksjonen for speleautomatar. For den andre endringa vart det sett ein auke i deltaking i interaktive online spel. Til tross for ein vekst av slike spel internasjonalt, auke i nettspel generelt og auka marknadsføring frå utanlandske speltilbydarar, såg deltaking på utanlandske nettsider ut til å vere stabil. Det nye regulerte alternativet såg ut til å ha ein kanaliserande effekt. Totalt sett kan endringane i speldeltaking som fell saman med dei regulatoriske endringane forklarast av endringar i fysisk og sosialt tilgjenge, og av mekanismar skissert i totalkonsum-teorien. Studie 3 var basert på data innsamla i 2019. Spelarar blei spurde om dei hadde brukt seks førebyggingstiltak for å kontrollere pengespelinga, og om dei hadde søkt hjelp for speleproblem og om dei hadde latt andre personar kontrollere økonomien sin. Ein logistisk regresjonsanalyse identifiserte signifikante prediktorar for bruken av tiltak. Bruken varierte frå 0,8 % (kontakta hjelpetenester pga. av speleproblem) til 23,2 % (sett ei tapsgrense dei hadde råd til). Karakteristikkar ved spelarane (f.eks. fødestad, moderat risiko eller problemspelar), sjølve spelet og online distribusjon av spel ser ut til å vere dei mest konsistente prediktorane.
Sett under eitt, har dei tre studiane vist at spelarar ikkje er like og er forskjellige i tru på og i bruk av tiltak for å hindre skadeleg speling. Det var ikkje alltid dei same variablane som karakteriserte individa som hadde tru på ansvarlegheitstiltak og dei som faktisk brukte tiltaka. For nokre av endringane i deltaking i pengespel, blei det sett skilnader mellom kjønn og alder. Nokre av tiltaka som blir diskutert her kan sjåast som individretta tilnærmingar til førebygging, medan andre tiltak har ei befolknings- og folkehelse-tilnærming. Resultata frå studiane vil ha implikasjonar for ulike interessentar på pengespelfeltet. Studie 1 og 3 har relevans for regulatørar, speloperatørar og behandlarar. Studie 2 er relevant for politikarar, beslutningstakarar og myndigheiter som utarbeidar lovverk og som regulerer pengespelmarknader. The majority of Norwegian adults participate in money games. Some will win, but more will lose. Some can be at risk or have already become problem gamblers. At-risk and problem gamblers may experience severe harm and are affected in different ways, e.g., financially, legally, health-wise, in relationships to family, friends and colleagues and in terms of work/educational performance and quality of life. Based on the literature, a careful estimate suggests that six other persons are affected for each problem gambler. Different measures are used to prevent gambling problems. In line with a public health approach, authorities can restrict the availability of games with higher risks for harmful gambling. In addition, the individual gambler can use other measures to control their own gambling, e.g., using a tool to set personal loss limits. Such measures are known as responsible gambling (RG) or consumer protection (CP) measures. This thesis consists of three studies which investigated different aspects of measures used by authorities or gamblers. All three studies were based on cross sectional data collected from representative samples of the Norwegian populations.
The aim of Study 1 was to investigate to what degree gamblers believe that different measures to reduce gambling problems or the negative consequences of gambling will help them to control their own gambling. The aim of Study 2 was to investigate if two major changes in the Norwegian gambling market would lead to changes in gambling behaviour. The first change entailed a ban of slot machines in 2007 with a subsequent replacement of new video lottery terminals (VLT). The second change consisted of the introduction of new regulated interactive online games in 2014 with the purpose to channelize gamblers from foreign websites without Norwegian licenses. The aim of Study 3 was to investigate the actual use of measures to regulate personally gambling behaviour among gamblers.
Study 1 used data collected in 2013 and 2015, and the gamblers were asked if they agreed or not that ten specific measures would help them controlling their own gambling. Between 35% and 42% neither agreed nor disagreed, but among those with an opinion, most agreed. A multiple regression analysis identified predictors for positive beliefs, e.g., female gender, young age, playing random games only, and being a moderate risk or problem gambler. Positive beliefs in the measures may reflect that individuals have needs for more specific measures to prevent gambling problems. Negative views on the measures can stem from a wish to gamble without obstacles, and to take risks or trust in self-control. Study 2 used survey data collected from 2005 through 2018. Respondents were asked each year if they had participated in different games. Logistic regression analyses were used to predict participation in groups of games and if changes coincided with major market changes. With the first change a reduction in gambling on slot machines as well as a reduction in gambling participation overall were found. Results also showed small increases in female participation in games offered in land-based bingo premises and generally in gambling on foreign websites. Some also gambled on the new VLTs. However, these increases in participation were much smaller than the reduction for slot machines. With the second change, an increase in participation in online interactive games was detected. Despite a growth in such games internationally, increased online gambling in general and an increased marketing of foreign gambling websites, the participation on foreign websites seemed stable and the new regulated alternative seemed to have a channelizing effect. In total, the changes in gambling participation coinciding with the regulatory changes could be explained by transformations of physical and social availability, and in terms of mechanisms outlined by the model of total consumption. Study 3 was based on data collected in 2019. Gamblers were asked if they had used six different measures to control their gambling, if they had been seeking help for gambling problems and if they had let other persons control their economy. Logistic regression analysis identified significant predictors of use. Use of measures varied from 0.8% (contacted help services) to 23.2% (pre-commitment to an affordable loss limit). Characteristics of the gamblers (e.g., place of birth, moderate risk- or problem gambler), the game itself and the online distribution seemed to be the most consistent predictors.
Overall, the studies did show that gamblers are not alike and differ in their beliefs and their use of RG /CP measures. It was not always the same variables that characterized individuals who had positive beliefs in the measures and individuals who actually used them. For some of the changes in gambling participation, differences between gender and age were found. Some of the measures discussed can be considered as individualistic approaches to prevention whilst others have a population or public health approach. Results from the studies will have implications for different stakeholders in the gambling field. Study 1 and 3 have relevance for regulators, gambling operators and treatment providers. Study 2 is relevant for policy makers and authorities which both legislate and regulate gambling markets.
Består av
Paper I: Engebø J, Torsheim T, Mentzoni RA, Molde H, Pallesen S. (2019). Predictors of gamblers beliefs about responsible gambling measures. Journal of Gambling Studies 35(4), 1375–1396. The accepted manuscript is available at: https://hdl.handle.net/1956/22152Paper II: Engebø J, Torsheim T, and Pallesen S. (2021). Regulatory measures' effect on gambling participation: Experiences from Norway. Frontiers in Psychiatry, 12, 672471. The article is available at: https://hdl.handle.net/11250/2988321
Paper III: Engebø J, Torsheim T, and Pallesen S. (2022). Gamblers’ use of measures to prevent gambling problems and reduce harm. Frontiers in Psychiatry, 13, 857280. The article is available at: https://hdl.handle.net/11250/3029405