Strategisk kommunikasjon og kunstig intelligens
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3139549Utgivelsesdato
2024-06-03Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [251]
Sammendrag
Bruken av kunstig intelligens aukar innan strategisk kommunikasjon. Den allmenne tilgangen er å merke. Stadig fleire kommunikasjonsarbeidarar anvend kunstig intelligens som hjelpemiddel og det ser ut til at kunstig intelligens er kome for å bli innan bransjen PR & kommunikasjon. Denne masteroppgåva tek føre seg i kva grad KI (kunstig intelligens) vert teke i bruk i kommunikasjonsbransjen, moglege bruksområde og kva moglege utfordringar KI-bruken har innan strategisk kommunikasjon. Masteroppgåva handlar om når strategisk kommunikasjon møter KI og drøftar tematikken i lys av offentlegheitsteori. Gjennom denne masteroppgåva får ein innblikk i ein stor bransje gjennom kvalitative intervju med informantar frå både offentleg- og privat-sektor.
Ein ser tydelege tendensar på at KI-bruken er til stades innan strategisk kommunikasjon, ein ser at KI i størst grad vert brukt til assistanse, utforming av eige arbeid og kreativitet innan strategisk kommunikasjon. Dei største funna rundt moglege utfordringar er at teknologien ikkje levera godt nok, samanlikna med forventingane til kommunikasjonsarbeidarane. Etikk, personvern og transparens er også moglege utfordringar som og gjev utslag. Betydeleg er det at bruksgraden er nok så høg. KI ikkje får generere innhald utan kjeldekritikk frå kommunikasjonsarbeidarane, kjeldekritikk er viktig for bransjen. Funna viser at det er forskjell mellom globale perspektiv frå tidlegare forsking sine moglege bruksområde og moglege utfordringar. Implementeringa av KI innan strategisk kommunikasjon er nok så fersk, det trengst betydeleg meir forsking på dette i Norsk PR og kommunikasjons-sektor.