"Du må ha en redaktør som virkelig vil." Ein studie av kva som hindrar og fremjar gravejournalistikk i norske lokalaviser.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3140077Utgivelsesdato
2024-06-03Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [253]
Sammendrag
Gravejournalistar er portretterte i film og litteratur som modige og uavhengige helter som avdekker urett og endrar samfunnet. I norsk samanheng blir gravejournalistikk forbunde med nasjonale avsløringar der det er lagt ned store ressursar over tid.Mange lokalaviser er tett på lokalsamfunnet og journalistane skal levere to-tre saker kvar dag. Likevel er det små lokalaviser som klarer å avdekke kritikkverdige forhold i eige lokalsamfunn. Problemstillinga i oppgåva er: Kva hindrar og fremmer gravejournalistikk i lokalaviser? Tolv journalistar og redaktørar i seks aviser er intervjua. Ti har journalistane og redaktørane har vore med på gravejournalistikk dei siste seks åra. Eg bruker Shoemaker og Reese sin teori om «Hierarchy of influence» for å identifisere hindringar og pådrivarar på innverknaden på journalistikken. Masteroppgåva plasserer seg i forskingsområdet journalistisk profesjonalisme. I min studie har eg funne faktorar som hindrar gravejournalistikk: Ein definisjon som legg lista så høgt at det ikkje er mogeleg å gjere gravejournalistikk, få journalistar i redaksjonen, høge krav til å levere mange saker kvar dag og mangel på kompetanse til å kome raskt i gang med saker. At sakene ikkje får konsekvensar, er også frustrerande og demotiverande for journalistane. Faktorane som er eigna til å fremme gravejournalistikk er i stor grad svar på hindringane: Redaktørar omgår og lagar nye definisjonar på gravejournalistikk, journalistar som har teft til å oppdage potensielt kritikkverdige forhold og kome raskt i gang med kritisk utforsking. At ein snakkar ope om gravesaka i redaksjonen er viktig, men også gravejournalistane tek sin del av raske nyhetssaker utan å rekne det som annanrangs arbeid. At gravinga skjer imellom andre oppgåver ser ut til å bidra til ein støttande redaksjonskultur. I alt dette ser redaktøren ut til å spele ei uvurderleg rolle. Journalisten som grev kan sparre jamleg med redaktøren og ha tillit til dei etiske vurderingane som ho eller han gjer. Det ser også ut til å vere viktig at redaktøren kjenner saka godt og har evne til å støtte journalisten når kritikken kjem, men også gå til sides og la journalisten få rosen når sakene får konsekvensar og prisar. Ikkje minst ser det ut til å vere avgjerande med eit tillitsfullt forhold mellom den kritiske journalisten og den kompetente redaktøren som skal leie ein liten, men kompleks redaksjon.