Show simple item record

dc.contributor.authorVik, Bendik
dc.date.accessioned2024-07-13T00:45:33Z
dc.date.available2024-07-13T00:45:33Z
dc.date.issued2024-05-15
dc.date.submitted2024-05-15T11:02:08Z
dc.identifierENG350 0 O ORD 2024 VÅR
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3140892
dc.description.abstractDenne masteroppgåva har hatt som mål å undersøkje korleis lærarar forstår store språkmodellar (large language models, LLMs), korleis lærarane brukar desse i engelskundervisninga si, samt kva didaktiske val som rettleiar lærarane i integreringa av desse språkmodellane. Læreplanen i engelsk (LK20) legg vekt på at digitale ferdigheiter handlar om å kunne bruke digitale medium og resursar. Det er difor av stor interesse å undersøkje korleis LLMs vert nytta frå lærarane sin ståstad. Gjennom ei kvalitativ tilnærming ved bruk av djupneintervju, har fem engelsklærarar i vidaregåande skular i Noreg delt sine meiningar og praksisar. Eit teoretisk rammeverk for profesjonsretta digital kompetanse, saman med anna relevant teori som til dømes profesjonsutvikling, har blitt presentert i studien. Funna er følgjeleg analysert i lys av dette teoretiske rammeverket og tidlegare forsking som kan knytast til funna. Studien syner mellom anna at LLMs i stor grad vert korrekt forstått av lærarane. Samstundes har dei samanfallande tankar og erfaringar kring etiske utfordringar ved bruken av desse modellane. Vidare syner studien at lærarane nyttar LLMs i ulike situasjonar i engelskundervisninga. Nokre av undervisningsopplegga lærarane viser til, fokuserer på skriving, kritisk tenking og refleksjon. Det kjem også fram at LLMs vert tatt i bruk som eit verktøy til bruk utanfor eiga undervisning. Vidare syner analysen at medan lærarane aktivt brukar LLMs, så ligg det i stor grad føre ei integrering utan eit klårt fagdidaktisk grunnlag. Mangelen på ei fagdidaktisk operasjonalisering kan vidare stille spørsmål om legitimeringa av bruken av LLMs. Dette kan følgjeleg føre til utfordringar med å balansere bruk og nytte av teknologien. Konsekvensen kan vere at det vert utfordrande å integrere slik digital teknologi på ein måte som tek vare på etiske omsyn, personvern og pedagogiske og fagdidaktiske rettesnorer, som alle bidreg til å forme engelskundervisninga. Kunstig intelligens er ikkje eit nytt fenomen i utdanningssektoren, men med framspringet av ChatGPT, har det synt seg viktigare enn nokon gong å reflektere dugeleg over eigen og andre sin bruk av denne typen teknologi. LLMs har til no vore relativt lite utforska i ein engelskfagleg kontekst i vidaregåande skule, og vidare forsking er imperativt for å forstå omfanget av både fordelar og negative konsekvensar ved bruken av dei.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectDigital competence
dc.subjectProfessional development
dc.subjectKunstig intelligens
dc.subjectLarge Language Models
dc.subjectEnglish didactics
dc.titleLarge Language Models in L2 English Teaching: Exploring Teachers' Understanding and Utilisation
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2024-05-15T11:02:08Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgave
dc.description.localcodeENG350
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record