Kva blir det genredigerte mennesket? Ei filosofisk antropologisk undersøking av Jürgen Habermas' "Den mennneskelige naturs fremtid" og Peter Sloterdijks "Menneskedrivhuset"
Master thesis
View/ Open
Date
2024-05-15Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [33]
Abstract
Det blir ofte sagt at den nye bioteknologien reiser filosofiske spørsmål, og denne oppgåva tek som sitt utgangspunkt at desse spørsmåla ikkje berre er av ein moralfilosofisk karakter. I møte med moglegheitene genredigeringsverktøyet CRISPR-Cas9 har opna, vender det som blir kalla Immanuel Kants fjerde spørsmål, tilbake: Kva er mennesket? Oppgåva er ei filosofisk antropologisk undersøking av korleis me kan forstå mennesket i ljos av at me no på ein direkte måte er i stand til å endra vårt eige arvematerial. Spørsmålet blir undersøkt gjennom ei drøfting av teknologisyn og antropologiske implikasjonar i "Den menneskelige naturs fremtid" av Jürgen Habermas og "Menneskedrivhuset" av Peter Sloterdijk, med særleg vekt på Habermas sitt skilje mellom det framvaksne og det frambrakte og Sloterdijks forståing av den nye teknologien som homeoteknologi. The new biotechnology and the possibilities gained by the gene editing tool CRISPR-Cas9 will not raise moral philosophical questions alone, but also evoke what is called Immanuel Kant's fourth question: What is man? This thesis is a philosophical anthropological investigation of how we can understand what it means to be human as we are able to change our own genetic material directly. The question is examined through a discussion of technological views and anthropological implications in "The Future of Human Nature" by Jürgen Habermas and "The Domestication of Being" by Peter Sloterdijk, with particular emphasis on Habermas's distinction between the grown and the made, and Sloterdijk's understanding of new technology as homeotechnology.