Er kvinner berre små menn? - Ei studie av prosessar om kvinnehelsepolitikk
Master thesis
View/ Open
Date
2024-06-03Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [103]
Abstract
I denne studien har eg samanlikna politiske prosessar om kvinnehelse i Noreg, med utgangspunkt i NOU 1999: 13 Kvinner si helse i Noreg og NOU 2023: 5 Den store forskjellen. Eg har samanlikna mandat, utvalssamansetnad, kunnskapsgrunnlag og tilrådingar til tiltak for å undersøke kva endringar som har skjedd frå første til andre prosess, og kva som karakteriserer kvinnehelsepolitikk i Noreg. Tilhøyrande høyringsprosessar til dei to utgreiingane og meldingar til Stortinget, har saman med rapportane vore ein del av datagrunnlaget for studien. Eg har undersøkt om politiske preferansar kan forklare endringane, og om det har skjedd endringar i kva som karakteriserer kvinnehelsepolitikk.
Eg har gjennomført ei innhaldsanalyse av dokument knytt til dei politiske prosessane om kvinnehelse opp mot dokument som seier noko om dei politiske preferansane til parti og regjeringar. Det teoretiske grunnlaget for studien er tre steg i Howlett, Ramesh og Perl sin modell policy-cycle. Dette er agendasetting, politikkutforming og evaluering. Tilrådingane til tiltak frå dei to utvala er kategorisert etter Nato-rammeverket til Hood for å kunne spore endring i kva type tiltak ekspertutvala rådar til å bruke når det gjeld kvinnehelse.
Gjennom undersøkingane av dokumenta har eg peika på at politiske preferansar kan forklare nokon av endringane i dei politiske prosessane. Kvinnehelsepolitikk har fått ei breiare tilnærming i 2023 enn i 1999.