Valuing the Length of Lives in Public Health and Beyond
Doctoral thesis
View/ Open
Date
2024-08-26Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Philosophy [249]
Abstract
Denne avhandlinga undersøker nokon normative problem som oppstår som følge av forskjellar i livslengder. Sjølv om personar i vår samtid lever lengre enn gong før i historia, er det framleis usikkert om ein gitt person faktisk får nyte eit langt liv. Enkelte livsløp er for korte i forhold til ein gitt standard. Desse forkorta livsløpa blir omfatta av omgrep som «prematur død» og «levetidsulikskap» and blir vanlegvis evaluert som noko negativt i ein normativ forstand. Til dømes tenker mange at premature dødsfall er eit vonde og at levetidsulikskap er urettferdig. Men den statistiske standarden som målar forkorta livsløp er konstruert på ein deskriptiv og tilfeldig måte. Når eit liv faktisk «kjem til kort» er det soleis uklart om ein slik negativ normativ evaluering er rettferdiggjort.
Noko tilsvarande påverkar også det teoretiske grunnlaget for slike evalueringar. Den rimelegaste forklaring for kvifor premature dødsfall er eit vonde er at dei avdøde tapar velferd som dei elles ville hatt. Dette er den grunnleggande tanken bak tapsteorien, ein filosofiske teorien som er tiltenkt å understøtte vår negative normative evalueringar av forskjellar i livslengder. Ifølge ein ny kritikk kan ikkje tapsteorien brukast til å avgjere om eller i kva grad den avdøde tek skade av sitt dødsfall. Når ein person døyr prematurt er det soleis uklart om dei tok skade av det. I sum rettferdiggjer mangelen på praktisk og teoretisk klarheit om livsløp som fell til kort ein nyundersøking.
Hovudmålsetninga til avhandlinga er å undersøke den normative verdien til forskjellar i livslengde. Dei underordna målsetningar er å (1) utarbeide ein filosofisk teori om korleis døden er eit vonde for avdøydde i praksis, og anvende denne over ulike samanhengar som, (2) policy-mål i initiativ innan global- og folkehelse, (3) den globale sjukdomsbyrde-studien, og (4) pensjonssystemet i velferdstatskapitalistiske regimer. Avhandlinga blir utgjort av fire artiklar, som samsvarar med desse underordna målsetningane, samt ei innleiing.
I den første artikkelen forsvarar mine medforfattarar og eg tapsteorien mot kritikken om manglande praktisk nytte. Vi diskuterer dessutan korleis tapsteorien bør anvendast og reflekterer om synet sitt teoretiske og praktiske omfang. I den andre artikkelen lanserer mine medforfattarar og eg ein tolking av prematur død som eit normativt omgrep i tilknyting til global- og folkehelse-helseiniativ. Vi føreslår rettferdiggjeringar frå normative teoriar bør bidra i utviklinga av mål for prematur død. I den tredje artikkelen argumenterer eg og mine medforfattarar for at mål på den totale sjukdomsbyrden i den globale sjukdomsbyrde-studien er evaluative heller enn deskriptive, i motsetning til det arkitektane bak påstår. Særleg viktig er evaluative føresetnadar om «standard-levetid» for å modellere framtidig levetid som går tapt som følge av prematur død. Val mellom slike standardar er ein uunngåeleg verdibasert verksemd og den som påverkar sjukdomsbyrden mest. I den fjerde artikkelen føreslår eg ein normativ rettferdiggjering for å kompensere kortlevde pensjonistar innanfor pensjonssystemet. Eg argumenterer for at den egalitære tilnærminga til velferdsstaten – i det minste innanfor visse versjonar av velferdstatskapitalistiske regimer – kan akkommodere mitt føreslag og eg forsvarar den egalitære tilnærminga til velferdsstaten mot sin hovudrival.
Sett i samanheng bidreg dei fire artiklane og innleiinga i avhandlinga til ein betre forståing av den normative verdien til forskjellar i livslengde i både teori og praksis. Vidare bidreg avhandlinga difor også til eksisterande teoretiske debattar, som om døden som eit vonde og folkehelseetikk, og til operasjonaliseringa av måleeiningar av prematur død og levetidsulikskap. Normative problem som følge av forskjellar i livslengder utgjer ei utfordring for fleire filosofiske teoriar og statistiske standardar for livsløp som fell til kort. Ved å oppfylle sine hovud- og delmålsetningar har denne avhandlinga forhåpentlegvis bidrege til å legge eit grunnlag for å takle denne utfordringa. This dissertation examines some of the normative issues that arise from differences in the length of life. While contemporary people live longer than at any time in history, it is still uncertain whether a given person actually gets to enjoy a long life. Some lifespans fall short relative to some standard. Such shortfalls are captured by concepts like ‘premature death’ and ‘lifespan inequality’ and are usually evaluated as negative in a normative sense. For example, many think that premature deaths are bad and lifespan inequality is unfair. But the statistical standards that measure such shortfalls are constructed in a descriptive, arbitrary manner. When a lifespan actually ‘falls short’ it is thus not clear whether this shortfall warrants a negative normative evaluation.
Something similar also affects the theoretical basis of such evaluation. The most plausible explanation for why premature death is harmful is that it deprives the decedent of well-being they would have had otherwise. This is the basic idea behind deprivationism, the philosophical view thought to underpin our negative normative evaluation of differences in the length of lives. However, according to a recent critique, deprivationism cannot be used to determine whether or to what extent an actual person is harmed by their death. When a person suffers a premature death, it is thus not clear whether this actually was harmful to them. In sum, a reexamination is justified due to the lack of practical and theoretical clarity concerning lifespans that fall short.
This dissertation's primary and overarching aim is to examine the normative significance of differences in the length of life, both in terms of its theoretical basis and practical implications. The dissertation’s secondary aims are to (1) provide a philosophical view of how death harms the decedent in practice and apply it across different contexts such as (2) policy goals in public and global health initiatives, (3) the Global Burden of Disease study, and (4) the pension system in welfare-state capitalist regimes. The dissertation consists of four articles, each corresponding to one of these secondary aims, and an introduction.
In Article I, my coauthors and I defend deprivationism against a recent critique regarding its lack of practical usefulness. We also discuss how deprivationism should be applied and reflect on its theoretical and practical scope. In Article II, my coauthors and I defend an interpretation of premature death as a normative concept in the context of public and global health initiatives. We propose that justification from normative theories should aid in the endeavor of developing measures of premature death. In Article III, my coauthors and I argue that the measure of total disease burden in the Global Burden of Disease study is evaluative rather than descriptive, contrary to its architect’s claims. Of particular importance is an evaluative assumption about ‘reference life expectancy’ to model the future lifetimes lost due to premature death. Choosing between such standards is an unavoidably value-laden endeavour and one that affects the total disease burden the most. Finally, in Article IV, I supply a normative justification for compensating short-lived retirees within the pension system. I argue that the egalitarian approach to the welfare state—at least within some versions of welfare-state capitalist regimes—can accommodate my case and defend the egalitarian approach to the welfare state against its main rival.
Taken together, the four articles and the introduction to the dissertation contribute to a better understanding of the normative significance of differences in the length of life in both theory and practice. As a result, the dissertation also contributes to existing theoretical literature, such as on the harm of death and public health ethics, and the operationalization of measures of premature death and lifespan inequality. Normative issues arising from differences in the length of life poses a problem for several theoretical views in philosophy and statistical standards for shortfalls in the length of life. By fulfilling its primary and secondary aims, this dissertation has hopefully helped to lay some groundwork for tackling this problem.
Description
Postponed access: the file will be accessible after 2029-08-26
Has parts
Paper I: Sørheim, P., Gamlund, E., and Solberg, C. T. “How Death Actually Harms: Applying Deprivationism in Practice.”. The article is not available in the archive.Paper II: Sørheim, P., Barra, M., Norheim, O. F., Gamlund, E., and Solberg, C. T. 2024. “Premature Death as a Normative Concept.” Health Care Analysis 32: 88-105. The article is available at: https://hdl.handle.net/11250/3132852
Paper III: Solberg, C. T., Sørheim, P., Muller, K. E., Gamlund, E., Norheim, O. F., and Barra, M. 2020. “The Devils in the DALY: Prevailing Evaluative Assumptions.” Public Health Ethics 13 (3): 259–274. The article is available at: https://hdl.handle.net/11250/2753359
Paper IV: Sørheim, P. “Lifespan Inequality and Pension Reform: Should the Short-Lived be Compensated?”. The article is not available in the archive.