Antiepikuristiske essays. Ein kritisk undersøking av epikurisme om død, velferd og tid
Master thesis
View/ Open
Date
2015-11-20Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Philosophy [248]
Abstract
I oppgåva gjer eg eit forsøk på å sette samtidsdebatten om døden som eit vonde inn i ein større verditeoretisk og velferdsteoretisk samanheng. Eg ser særleg på implikasjonane av epikurismen om døden som eit vonde for velferdsteoriar, aggregasjon av velferdsverdiar og forholdet mellom velferd og tid. Desse implikasjonane blir kritisert for å vere inkonsistente og uplausible. I tillegg drøftar eg eit større sett av innvendingane mot epikurismen i litteraturen. Eg konkluderer med at epikurismen ikkje er eit plausibelt syn på døden som eit vonde. Oppgåva består av tre, relativt sjølvstendige essays. Det første essayet gir ein oversikt over debatten om døden som eit vonde, og drøftar dei mest lovande innvendingane mot epikurismen. Det andre essayet ser på epikurismens velferdsteoretiske implikasjonar. Det tredje essayet ser på epikurismens verditeoretiske implikasjonar.