Oppfatningar og misoppfatningar i sannsyn: Ein mixed methods-studie av elevar på vidaregåande trinn – yrkesfagleg retning
Abstract
Denne masteroppgåva handlar om korleis elevar på vidaregåande trinn – yrkesfagleg retning forstår omgrep innafor sannsyn. Føremålet har vore å avdekkja kva oppfatningar og misoppfatningar elevane har og kva løysingsstrategiar elevane nyttar når dei svarar på spørsmåla. Vidare har eg undersøkt i kva grad funna mine samsvarar med tidlegare funn som er referert i litteraturen i tillegg til å sjå nærare på korrelasjon mellom karakter og resultat. I studien er det nytta mixed methods for datainnsamlinga. Datainnsamlinga vart gjennomført i januar og februar 2015. Det vart først utført ei kvantitativ spørjeundersøking der 93 elevar deltok. Om lag 2/3 av desse går på vg1 i ulike yrkesfaglege retningar medan om lag 1/3 går på påbygg til generell studiekompetanse. Etterpå vart det utført ein kvalitativ studie der 9 elevar vart intervjua. Ingen av elevane hadde gjennomgått opplæring i sannsyn rett før datainnsamlinga. Spørsmåla byggjer i stor grad på spørsmål frå tidlegare undersøkingar slik at dei til ei viss grad kan seiast å vera kvalitetssikra. Alle misoppfatningane som eg ynskte å testa, synte seg å vera til stades i varierande grad hjå elevane. Dei talmessige resultata frå undersøkinga mi viser elles at det i stor grad er samanfallande med det forskarar har funne tidlegare, trass i at undersøkingane har stor variasjon i alder, skulebakgrunn og verdsdeler. Elevane nytta ulike løysingsstrategiar som vi og finn att i litteraturen og tidlegare forsking. Dette gjeld særleg bruk utfallstilnærming og 50-50 tilnærming. Gjennom intervjua fekk eg og avdekka at elevane gjerne stolar på intuisjonen sin og det er først når dei må tenkja i gjennom kva som står i spørsmålet, at dei kan gje eit normativt riktig svar. Det er særleg innafor sannsyn at bruk av intuisjon leier oss inn i ei misoppfatning. Vi nyttar som oftast det vi har lært tidlegare.