"Speak, Friend, and Enter": Interracial friendship in the works of J. R. R Tolkien
Abstract
Abstract The famous writer J. R. R Tolkien and his books The Lord of the Rings and The Hobbit have been given a lot of attention over the last 15 years. This is due to the film adaptations of the books by director Peter Jackson. The films and the attention they gained, led to racist accusations against Tolkien and his books. This thesis deals with interracial friendships in Tolkien's books, with the intention to show that both the books and Tolkien himself promotes difference and collaboration between the races. I the analysis of these friendships several aspects appear, showing that Tolkien's invented world is not based on a racist foundation. Tolkien conveys general moral lessons in his works, often in accordance with his Catholic faith. His religious faith is ever present in his writing, and this is especially seen in his theory of sub-creation. I refer to this theory in my thesis, and link it to the way Tolkien portrays his interracial friendships. Especially The Lord of the Rings indicates that in an ideal world interracial relationships should be strived for. Despite of this, it can be seen as somewhat problematic that the races of Tolkien's imaginary world, Middle-earth, are sorted in a highly hierarchical way. By looking at friendships that are created across these racial hierarchies, this thesis tries to show that these hierarchies are Tolkien's way of arranging his world, rather than a critique against equality. By creating a fairy-story where the races unite against a common enemy and friendships are created as a consequence of this, Tolkien shows that he was a liberal of his day. Samandrag Den engelske forfattaren J. R. R Tolkien og bøkene Ringenes Herre og Hobbiten har sidan 2001 og framover fått auka merksemd grunna filmatiseringa av bøkene av regissør Peter Jackson. Filmane og merksemda rundt dei førte til skuldingar mot Tolkien og bøkene hans som rasistiske frå nokre kritikarar og journalistar. Denne oppgåva fokuserer på venskap mellom folk av ulike rasar i bøkene til J. R. R Tolkien, med mål om å syne at både bøkene og Tolkien sjølv fremjar ulikskap og samarbeid mellom ulike rasar. I analysen av desse venskapa kjem det fram ulike aspekt som peikar i den retning at Tolkiens oppdikta verd ikkje er basert på eit rasistisk grunnlag. Han kjem med generelle moralske lærdommar, ofte i tråd med hans katolske tru. Religiøsiteten til Tolkien gjennomsyrar bøkene hans, og eg vil difor referere til hans teori om «sub-creation» til å få fram korleis dette syner seg i venskapa eg tek føre meg. Meir enn noko anna peikar spesielt Ringenes Herre i mot at i ei ideell verd, er venskap mellom rasane noko å streve etter. Likevel kan det sjåast på som problematisk at rasane i hans oppdikta verd, Midgard, er ordna i eit hierarki der visse raser er sett på som av høgare status enn andre. I Midgard er det også synlege hierarki med tanke på status, sidan denne verda er basert på ei før-industriell tid. Ved å sjå på venskap som dannast på tvers av desse hierarkia, prøvar denne oppgåva å få fram at hierarkia er Tolkien sin måte å ordne ei kompleks verd på, meir enn ein kritikk mot ei verd der alle er sett på som likeverdige. Ved å skapa ei fantasiforteljing der rasane samlast mot ein felles fiende, og venskap dannast som eit produkt av dette, viser Tolkien liberale idear med tanke på den tida han levde i.