Nettverk og koordinering i norsk utviklingssektor
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/12777Utgivelsesdato
2016-05-29Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Government [482]
Sammendrag
Denne masteroppgåva tek sikte på å undersøke graden av nettverksrelasjonar og koordinering mellom norske aktørar som arbeider med utviklingsarbeid i Malawi. Det vert deskriptivt undersøkt både korleis nettverksrelasjonar mellom norske bistandsaktørar utspelar seg, og korleis norsk utviklingssektor stiller seg til koordinering. Problemstillinga er som følgjer: Korleis kjem nettverk og koordinering til uttrykk i norsk utviklingssektor i Malawi? Prosjektet er eit casestudie der det norske bilaterale utviklingsarbeidet i Malawi er casen. Kvalitative og kvantitative data vert tolka gjennom eit nettverksperspektiv, i lys av teoriar om "governance". Data er samla inn gjennom intervju, spørjeundersøking og observasjon som ein del av ein månads feltarbeid i Malawi hausten 2015. Nettverksanalyse vert nytta som verktøy for å studere nettverket. Ei spørjeundersøkinga legg grunnlaget for kartlegging av relasjonsmønster i nettverket. Intervju og delar av spørjeundersøkinga gir innblikk i haldningar hos aktørane og kva dei finn utfordrande i samband med koordinering og samarbeid. Analysen peikar mot fire funn: 1. Nettverket utnyttar ikkje sitt potensiale på grunn av at diskursen i fagmiljøet ikkje møter dei praktiske utfordringane i arbeidet. 2. Private aktørar har meir strategiske posisjonar i nettverket enn dei offentlege aktørane, Norad og den norske ambassaden i Malawi. 3. Fokuset på koordinering er større i den internasjonale samanhengen enn den norske. 4. Nettverket bør nyttast til betre kunnskapsdeling mellom dei norske aktørane. Lærdommen frå dette prosjektet, er at ein bør flytte fokuset mot nye, alternative metodar som i større grad tek dei praktiske utfordringane på alvor, og som kan nytte nettverket på ein betre måte. Kunnskapshandtering er eit omgrep som bør nyttast i nettverket mellom norske aktørar som arbeider i Malawi. Det fins eit stort potensiale i nettverket som ikkje er utnytta, og dette kunne ein nytte til å dele kunnskap og informasjon på ein måte som gjer arbeidet meir effektivt.