Show simple item record

dc.contributor.authorLysne, Eirik Skjerdal
dc.date.accessioned2016-09-19T12:47:55Z
dc.date.available2016-09-19T12:47:55Z
dc.date.issued2016-05-16
dc.date.submitted2016-05-16eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/12825
dc.description.abstractGjennom denne oppgåva var formålet å rekonstruere glasiasjons- og deglasiasjonsforløpet for eit område sør på Andøya. Metodar som er brukt er hovudsakleg detaljert kvartærgeologisk kartlegging, radiokarbondatering og analyse av sedimentkjerne frå det vesle vatnet Stampetjønna. Gjennom kvartærgeologisk kartlegging har ein identifisert randavsetjingar tolka til å vere avsett av innlandsis under fire individuelle glasiale hendingar. To av desse er glasiasjonshendingar knytt til LGM på Andøya, Egga-1 og Egga-2. Nøssøyra-trinnet er knytt til Egga-1 og er lokal LGM, medan Bø-øyra-trinnet er knytt til Egga-2 som i studieområdet hadde noko mindre utbreiing enn Egga-1. Ein finn deretter to trinn knytt til deglasiasjonshendingane Flesen og D-hendinga. Dette er høvesvis Bjønnholen-trinnet og Nattmålsholen-trinnet, der randmorenesystema er lokalisert høvesvis vest og aust i studieområdet. Ved om lag 15 ka BP trekte isen seg tilbake og studieområdet vart isfritt. Truleg vart også steinbreane ved Bø og ein pronival rygg ved Orkleivbekken inaktive rundt denne tida og strandvollen Åknes-Storraet danna. Sedimentar ved Nattmålsholen Gravel Pit viser bimodal sand med fleire lag skjelholdig sand stratigrafisk under botnmorene og glasifluvialt materiale. Skjel frå laga med skjelholdig sand er radiokarbondatert til mellom ~45,7 - 43,9 kal. ka BP. Dette samsvarar med slutten av Bø/Austnes Interstadial, noko som tyder på at det ikkje var innlandsis til stade ved denne lokaliteten under denne perioden. Analysar av sedimentkjernen frå Stampetjønna, STAMP-112, er avgrensa til tidsperioden frå yngre dryas til om lag 6 kal. ka BP. Høgt minerogent nivå under yngre dryas kan tyde på eit kaldare klima eller eit paraglasialt miljø med periglasial utsmelting. Etter yngre dryas auka temperaturen og organisk produksjon auka. Større del eolisk avsetjing gjennom preboreal og byrjinga av boreal tyder er truleg resultat av auka stormaktivitet og låg strandlinje som gjorde større mengder sediment tilgjengeleg for eolisk transport og avsetjing. Etter denne perioden vart eolisk materiale til innsjøen tilført som resultat av sporadiske stormhendingar, kortare periodar med auka stormaktivitet eller regresjonar og syngresjonar av strandlinja.en_US
dc.format.extent8369487 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectglasiasjoneng
dc.subjectdeglasiasjoneng
dc.subjectAndøyaeng
dc.titleKvartærgeologisk kartlegging og glasiasjons- og deglasiasjonsgangen ved Bømyra, sørlege Andøyaeng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.en_US
dc.description.localcodeGEO350
dc.description.localcodeMASV-GEOG
dc.subject.nus733111eng
fs.subjectcodeGEO350


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record