dc.description.abstract | Bakgrunn: Parasitten Giardia lamblia forureina drikkevasskjelda Svartediket i Bergen hausten 2004, og var årsaka til eit stort utbrot av giardiasis i menneske. Denne gastrointestinale infeksjonen blei for mange starten på langvarige mageplager og utmatting. Seinare innfridde mange av desse pasientane Roma II-kriteria for irritabel tarmsyndrom (IBS) og nokre fekk også klinisk påvist kronisk utmattingssyndrom (CFS). Desse lidingane manglar biomarkørar i diagnostiseringa, og blir omtalte som funksjonelle lidingar. Pasientane må ofte gjennom ei rekkje undersøkingar for å ekskludere andre organiske sjukdomar. Det vil vere ein stor fordel, både for samfunnet og pasientane, om ei enklare diagnostisering ved bruk av ein biomarkør blir funnen. Markørane «B-cell activating factor» (BAFF), antistoff mot «cytolethal distending toxin B» (anti-CdtB) og antistoff mot flagellin (anti-flagellin) er tidlegare sett på i liknande sjukdomsgrupper, men treng vidare undersøking. Hensikt: Undersøke nivået av BAFF, anti-CdtB og anti-flagellin og deira potensial som biomarkørar i pasientar med kronisk utmattingssyndrom/ideopatisk kronisk utmatting (CFS/ICF), funksjonelle gastrointestinale lidingar (FGID), irritabel tarmsyndrom (IBS) og diaré-dominerande irritabel tarmsyndrom (IBS-D) etter Giardia-infeksjon. I tillegg ønskjer ein å undersøke korleis fryse-tine-syklusar påverkar konsentrasjonen av BAFF i serumprøver. Metode: Ein studiepopulasjon på totalt 102 personar med dei ulike sjukdomane CFS/ICF, FGID, IBS og IBS-D, samt kontrollar eksponerte og ueksponerte for Giardia, er undersøkte opp mot kvarandre. Nivået av markørane er analysert ved bruk av «enzyme-linked immunosorbent assay» (ELISA), der direkte OD-verdiar (optisk tettleik) er oppgitt som resultat for anti-CdtB og anti-flagellin, medan det for BAFF er oppgitt utrekna konsentrasjon. BAFF-degradering blei òg analysert med ELISA, etter at serumprøvene var fryst-tint éin, tre og seks gonger. Resultat: Der var ingen signifikante forskjellar for dei tre markørane mellom sjukdoms-gruppene og kontrollgruppene. Undersøking av BAFF-konsentrasjonen i serumprøver fryst-tint fleire gonger viste signifikante forskjellar mellom prøver fryst-tint éin gong og tre gonger, samt mellom éin gong og seks gonger. Konklusjon: Resultata i prosjektet gjev ikkje grunnlag til å tru at dei tre undersøkte biomarkørane kan nyttast for å skilje pasientar med FGID eller CFS frå friske personar. Vi diskuterer svakheiter i metoden som kan ha bidrege til at vi fekk eit anna resultat enn publikasjonane vi tok utgangspunkt i. Resultata for undersøking av BAFF i serum etter gjentekne fryse-tine-syklusar tyder på at ei degradering av cytokinet skjer. | en_US |